Hopp til innhold

Hevdar å vere betre enn «Spotify»

Streamingtenesta Beat.no frå Gulen, gjer det stadig betre i ein tøff musikkmarknad. Det siste året har dei signert fleire kontrakter med store norske selskap, blant anna digital TV-leverandøren Altibox.

Njål og Linn Dyveke Wilberg

STOR SUKSESS: Musikkstreamingtenesta Beat.no har hatt nokre tøffe år. Med ein feit avtale med Altibox kan det sjå ut som at dei er på veg ut av mørket.

Foto: Pressefoto

Beat.no er i ferd med å etablera seg som ein seriøs aktør på streaming-marknaden.

Streaming, som er lytting til musikk over internett, har store leverandørar som svenske Spotify og norske Wimp, som Beat no tek opp konkurransen med.

Dagleg leiar Njål Wilberg, fortel at Beat det siste året har signert fleire viktige avtalar som gjer dei tilgjengeleg på store delar av streaming-marknaden frå basen sin i Gulen.

– Betre produkt enn Spotify

– Det var utruleg skremmande i byrjinga å seie at vi skulle konkurrere med Spotify og forsåvidt også Wimp som er ein norsk aktør, men i løpet av det siste året så har det blitt slik at vi faktisk leverar produkt som er betre enn Spotify, seier Wilberg.

Det vesle selskapet etablerte seg i Gulen i 2009 med berre fire tilsette. Det såg ut som ei umogleg oppgåve å skulle greie seg i ein marknad som er dominert av dei største aktørane, som til dømes Spotify.

Spotify er den leiande leverandøren av musikk over internett, og desidert størst i Norge og resten av Europa. Dei har hundre gonger så mange tilsette som Beat.

Likevel hevdar Beat å ha levert betre produkt enn Spotify i år.

Viktig avtale med Altibox

Det siste året har Beat signert fleire feite kontraktar med store norske selskap. Ein av dei er Altibox, ein digital tv-leverandør med 200 000 kundar i Noreg, der alle får tilgang til Beat gjennom fjernsynet, og kan dermed lytte fritt til musikk.

Svein Aronsen, produktsjef hos samarbeidspartneren Altibox, fortel at dei er glade for å få Beat med på laget.

– Vi har undersøkt marknaden lenge for å finne ei god streamingteneste som vi kunne inkludere til våre kundar, og når vi hadde leita oss ferdig og hadde snakka med Spotify og Wimp lenge og vel, så var Beat eit veldig godt alternativ for oss.

Eirik Solheim

IMPONERT: Eirik Solheim, redaktør i NRK Beta, let seg imponere av Gulen-selskapet Beat.

Foto: Svein Aronsen / NRK

Streaming av musikk er i stor vekst, og ei undersøking gjort av TNS Gallup viser at halvparten av oss brukte streamningtenester på vekebasis i første kvartal i år. Ein av fem brukar det kvar dag. Sett i lys er det ikkje ei sjølvfølgje at Beat gjer det godt, meiner Eirik Solheim, redaktør for NRK Beta.

– Det er ganske imponerande jobb av eit lite selskap. Det er ein avtale som når ut til veldig mange menneske, og dei får antakeleg merkevara si ut der og får bevist om dei kan levere musikk som folk vil ha eller ikkje. Eg vil anta at den avtalen der betyr mykje for Beat, seier Solheim.

Går mot lysare tider

Wilberg vil ikkje seie nok om kor mykje pengar dei tener på avtalen med Altibox, men etter tre år med tunge investeringar og minus i rekneskapen, ser det no ut som det har lønna seg for selskapet i Gulen. Likevel tek ikkje Beat gleda på forskot.

– Vi budsjetterar også i år med at vi kjem til å gå med underskot, og inn mot slutten av året i år så kjem vi til å få svarte tal i boka.