Hopp til innhold

Murte sju myntar inn i klosterveggen i Selje

I dag vart siste hand på verket lagt i klosteret på Selja. Og for å markera dette, ofra NRK-reporteren velvillig sju kronestykke som skal liggja i klostermuren i fleire hundre år framover.

Sjå kva og korleis dei mura noko inn i veggen på Selje Kloster

Sjå NRK-reporter lage historie.

– Det er ein gamal tradisjon å mura inne myntar i bygg, seier Bjørn Jensen, som er prosjektleiar for Selje kloster.

Selje kloster

SELJE KLOSTER: Truleg den eldste kristne heilagstaden i Norge.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Og myntane som no ligg trygt bak murstein og mørtel, var NRK sin eigen reporter, Ingvild Nave, sine myntar.

– Eg såg at det var eit lite rom bak den siste mursteinen, og då spurte eg om me ikkje skulle mura inne noko der. Og Bjørn Jensen sa at det var ein god idé, og då byrja me å lura på kva me skulle mura inn der, seier Nave.

  • Sjå alt saman i videoen øvst i saka

– Etter litt om og men, der Jensen blant anna litt lattermildt føreslo si eiga t-skjorte (som det sto Selje kloster på, red.anm), landa me på at me skulle leggja inn nokre myntar.

På myntar finns det veldig mykje informasjon på eit relativt lite område. Det står kva årstal mynten vart laga i, so ein kan få ein idé av når muren vart sett opp, det står kven som var konge, samt eit bilete av han og våpenskjoldet hans.

Ingvild Nave med myntane som skal murast inn

LIKE FØR: Reporter Ingvild Nave ser på myntane som nokre minutt seinare skal murast inn i klosterveggen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Nave sprang avgarde og henta det ho hadde av myntar for å leggja inn i muren før den siste steinen vart sett inn.

– Eg føreslo at me skulle legga inn tre eller sju myntar, sidan det er lykketala mine, og då sa Jensen at det måtte bli sju. Det er jo eit heilagt tal.

– Teink om nokon finne dei om 1000 år då!?

Bjørn Jensen

«GOD IDÉ»: Prosjektleiar Bjørn Jensen likte idéen om å mura inne myntar i veggen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Ja, det gjer dei nok, for det er vanleg å leggja att myntar når ein murar. Det var kjempebra at me kom på det, svarar Jensen.

– Då har me sett spor etter oss for ettertida, held han fram.

Lenge sidan sist

Sist gong klosteret vart restaurert var på 1800-talet ein gong, so med andre ord er det på tide at det vart gjort noko no.

Det er seks års usynleg arbeid for 10 millionar som er vorte gjort.

Selje kloster er ferdig restaurert

Klosteret på Selja er kanskje den fyrste heilagstaden i Norge, og no er eit av delmåla i eitt av dei største kulturarvprosjekta i landet, nådd.

– Det har vore veldig spennande å sjå inn i murverk som er 1000 år gamalt og som ikkje nokon får sjå på veldig lenge.

«Vel brukte peng»

Nave tykkjer i alle fall at dei sju kronene var vel brukte peng.

– Når du brukar småpeng på butikken so er det som oftast berre godt å bli kvitt dei, men desse sju kronestykka kjem eg til å tenkja mykje på.