Hopp til innhold

Ammegeiter skal rydde landskapet

Stadig fleire gardsbruk blir lagde ned, og landskapet gror att. Men eit gradbrukarpar i Jølster har løysinga: Geitene deira trør til og ryddar i krattskogen.

Hilde og Ragnvald Søgnesand med geiter

Hilde og Ragnvald Søgnesand prøver å telje over geitekjea som beitar ved Jølstravatnet. I denne augneblinken er det utfordrande.

Foto: Anders Veberg / NRK

Geitene er så godt som altetande, og dei er ekspertar på å gnage i seg småskog som stengjer for utsynet. Hilde og Ragnvald Søgnesand har i alt 130 geitekje som dei har spreidd på fire ulike område langs Jølstravatnet i Sogn og Fjordane.

– Kjekkare å sjå eit stelt gardsbruk

– Geitene våre må sjølvsagt ha eit beite å gå på. Når dei i tillegg kan beite ned nedlagde gardsbruk og rydde kratt og skog, slik at det ser bra ut, så er det avgjort eit pluss. Eg synest det er mykje kjekkare å sjå på eit stelt gardsbruk enn der det berre får vekse vilt, seier Ragnvald.

Etter berre tre veker i dei bratte bakkane ved vegen har mykje av graset blitt til geitemat, og Hilde Søgnesand seier at det er berre starten.

– Det brukar å sjå temmeleg snaua ut om hausten når vi tek dei inn.

(Artikkelen held fram under biletet).

Geit i nærbilete

Geiter er kontaktsøkjande dyr, noko kjea sjølv beviste under vitjinga på Hamar ved Jølstravatnet.

Foto: Anders Veberg / NRK

Nestleiar Brita Skallerud i Norges Bondelag er samd med Ragnvald Søgnesand når han seier at rydding er viktig.

– Det er ikkje noko hyggeleg å vere turist når det gror til. Alle ynskjer at det skal vere eit ope landskap og at folk kan sjå at det faktisk har budd menneske der i kanskje årtusen.

Kjerringar mot straumen

Men med færre aktive gardar i landet vert det og færre geiter til å rydde. Sidan 2007 har talet på mjølkegeiter gått ned med 25% i Sogn og Fjordane, og 17% på landsbasis. Hilde og Ragnvald Søgnesand er kjerringane mot straumen når dei har valt å satse på geiter.

– Vi synest det er bra å drive med geiter.

Men sjølv om talet på mjølkegeiter går ned aukar talet på ammegeiter, sidan kjøtet er meir ettertrakta. Leif Jarle Asheim i Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk forskning, trur dei kan få meir å seie for landskapsrydding.

– Geitene kan vere eit veldig nyttig bidrag til å halde landskapet ope.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ragnvald Søgnesand med geiter

Med geitene på inngjerda område får Ragnvald Søgnesand dagleg kontakt med dyra sine, samstundes som dei ryddar opp i landskapet.

Foto: Anders Veberg / NRK

Et alt, også straumkablar

Kjeflokken klatrar oppetter geitebonden når han kjem med desserten - ei bøtte med kraftfor. Ragnvald Søgnesand har erfart at geitene har ein voldsom appetitt på alt frå gras til straumkablar.

– Vi hadde ein installasjon i fjøsen med ëin elektrisk kabel. Utanpå den hadde vi lagt eit tjukt, hardt plastrøyr. Men etter berre nokre få veker hadde dei gnege hol på den harde plasten, i tillegg til å ha gnege av heile den tjukke kabelen med seks leidningar inni.

Men i bakkane ved Jølstravatnet er det ikkje straumkablar geitekjea kan gå laus på. Derimot er det mykje kratt som etter kvart hamnar i geitemagane. Når sommaren er over er det heilt rydda, seier Hilde Søgnesand.

– Mange som bur på andre sida av vatnet snakkar om desse kjea, korleis dei har forandra garden her borte, så dei kan rydde.

Ragnvald og Hilde Søgnesand med geiteflokk

Ragnvald og Hilde Søgnesand har geitekjea ute på beite ved Jølstravatnet for fjerde året på rad, framfor å senda dei til fjells. – Ein vinn-vinn-situasjon, seier Hilde.

Foto: Anders Veberg / NRK