Hopp til innhold

Vinteren nektar å sleppe taket

Denne helga er rekna som sesongopninga i sommarfjellet. Men det er lite som minnar om sommar på Norges høgastliggande turisthytte; Fanaråken på Sognefjellet.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Mykje snø på fjellet.

– Dei siste dagane har det vore utruleg stille. I går hadde me to gjester, og dei skulle gjere noko arbeid her, so dei er strengt tatt ikkje gjester dei heller, seier Hanne Bugge.

Hanne Bugge

LITE FOLK: Hanne Bugge jobbar på Fanaråkhytta, og har ikkje hatt veldig mange på besøk i det siste.

Foto: Jo Bergersen / NRK

Ho jobbar på turisthytta på Fanaråken på Sognefjellet. Dei siste dagane har ho vore ganske einsam på dei 2068 meterane over havet.

– Eg har i alle fall god tid til å lese bøker, ler ho.

Vinteren held stand

I dei fyrste vekene av sommarsesongen kan det bli mykje kaving i snøen. For i både Breheimen og i Hurrungane ligg framleis mykje av vinteren att.

Ein av dei som storkosar seg i det kvite landskapet er Bjørn Vike. Han har tatt med seg gutungen på skitur i juli, og superlativa let ikkje vente på seg.

– No er det fantastiske skiforhold i fjellet, sjølv om det er litt tungt. Ein må gå på beina i berre nokre få minutt før det på med skia. Eigentleg er det ein draum. I går var eg på Skålatårnet, og det var det same der, heilt nydeleg, strålar han.

– Men er det ikkje fotsesongen som skal starte no?

– Det går sjølvsagt fint å gå på beina, men det er endå finare å bruka ski!

– Ein kan utan problem gå på beina, snøen ber relativt bra. Turistane bør ikkje ha noko problem med å innta Jotunheimen no, Fanaråken står jo her og ventar på dei. Det er ingen grunn til å utsetta turen til fjells, snarare tvert imot!

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Vike

STRÅLTE: Bjørn Vike strålte på fjelltur. Han likar veldig godt at snøen framleis er på fjellet.

Foto: Jo Bergersen / NRK

Lite å gjera

Sjølv om Vike får mykje av fjellet for seg sjølv, er det også nokon andre som starta sommarsesongen i snøkavet. Ei gruppe ungdomar drista seg opp til hytta - på beina.

– No kom det nettopp 20 speidarar, so no vart det travelt, seier Bugge.

Hanne Bugge i snøkavet

SOMMAR? Onsdag 4. juli. Det er lite som minnar om sol og sommar.

Foto: Jo Bergersen / NRK

Men ho er litt skeptisk til om ho får noko å gjera til helga.

– Det er mykje snø, so folk ventar på at den skal tine. Men eg håpar det tek seg opp til helga, sjølv om snøen skremmer vekk litt folk.

Snøen gjer også at dei som dristar seg til fjells, brukar lengre tid enn vanleg på å nå fram til hyttene og toppane.

– Dei som kjem opp hit seier at det tek meir tid enn vanleg. For ikkje å sei at det kanskje er formen deira som er dårleg, so seier eg at det er fordi det er so mykje snø, ler ho.

Skitur til Fanaråkhytta i juli

TOK BEINA FATT: NRK sitt team nytta ski på veg til hytta. Men ein sommarskitur er no ein gong ein sommarskitur: ein må ta beina i bruk av og til.

Foto: Jo Bergersen / NRK