Hopp til innhold

Lastebil trefte vifta som hang laust i tunnelen

– Han må ha merka at han var borti den, seier lastebilsjåfør Eldar Olav Tennøy. Han trefte ei laus vifte i Sundafjellstunnelen med lastebilen sin, etter at eit anna vogntog hadde vore borti den og rive den laus.

Vifte i tunnel etter samanstøyt

HARD MEDFART: Vifta fekk hard medfart då vogntoget trefte den.

Foto: Roger Bareksten

Det var i føremiddag at politiet fekk melding om uhellet på riksveg fem mellom Florø og Eikefjorden.

– Traff den hardt

– Han må ha køyrt på vifta ganske hardt og rive den laus. Når eg kom køyrande so hang den lågare enn den skal, slik at eg traff den, seier Tennøy.

Kø utanfor tunnelen

KØ: Det vart køar utanfor tunnelen.

Foto: Roger Bareksten

Han seier at situasjonen kunne blitt mykje farlegare enn den vart.

– Vifta var hardt skada, so det er vanskeleg å sei kor godt den hang fast i taket etter han hadde treft den. Eg vil anslå at den veg mellom 500 kilo og eitt tonn.

– Om noko slikt dett ned og treff ein bil, då skal dei i bilen vera veldig heldige om dei kjem derifrå utan skader, seier Tennøy.

– Må ha merka det

Sjølv fekk lastebilen hans to store riper på førarhuset.

– For å sei det slik: han må ha merka at han har vore borti den. Og skiltet som merkar høgdegrensa på utsida av tunnelen var bøygd ganske mykje.

Vifte i tunnel

SKULLE VORE 4,5M: Men det var det ikkje etter at vogntoget trefte vifta. Det førte til at Eldar Olav Tennøy traff vifta då den hang laust i tunnelen.

Foto: Roger Bareksten

– Eg har ikkje særleg sansen for slik køyring. Nokon er jo høgre enn 4,20 meter, som arbeidsmaskiner og slikt, men då må ein i alle fall fylgja med på kva du gjer. Alle kan vera uheldige, men då må dei sei ifrå slik at ikkje andre blir skada.

Må ha vore eit høgt vogntog

Margot Aase Åsebø

SKJER AV OG TIL: Margot Aase Åsebø i Statens vegvesen seier det ikkje er veldig uvanleg at vogntog er oppi taket i tunnelar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Sundafjelltunnelen er skilta til 4,20 meter. Og viftene er iallfall 4,5 meter over bakken, seier seksjonssjef i Statens vegvesen, Margot Åsebø.

Ei tunnelhøgd på 4,20 vert rekna som normalt på ein riksveg. Åsebø stadfestar at vogntoget må ha vore ganske høgt for å ha teke oppi sjølve viftene. Men Statens vegvesen kjem ikkje til å gjere noko konkret med saka.

– Nei, me gjer ikkje noko. Men politiet har vore på staden, so saka vidare er opp til dei, seier Åsebø. Ho legg til at det skjer innimellom at vogntog tek oppi tunnelane.

– Det er ikkje veldig uvanleg, seier Åsebø.

– Men det er vel litt uvanleg når vifta heng på 4,5 meter?

– Vogntoget må nok ha vore litt høgt, ja, seier Åsebø.