Hopp til innhold

Sjå! Her trenar Alex med Sogndal

Ingen av partane vil seie noko om kontrakt, men førdianaren Alexander Ødegaard (31) legg ikkje skjul på at han gjerne spelar for Sogndal dersom partane vert samde.

Alexander Ødegaard legg ikkje skjul på at han vil tilbake til Sogndal. Foto: Silje Bråstad.

Alexander Ødegaard trenar med Sogndal. Foto/redigering: Silje Bråstad.

– Det er kjekt å vere tilbake på trening med Sogndal. Dei har fått eit fantastisk flott anlegg her, seier Alexander Ødegaard.

Denne veka vart det klart at Ødegaard har framforhandla ein sluttavtale med den framske klubben Metz.

Har ein dialog med SIL

Han har saman med familien kjøpt hus i Jølster, og har ikkje lagt skjul på at spel for Sogndal eller Førde er interresant. Men at han er i forhandlingar med ein ny klubb, vil han ikkje seie så mykje om.

– Prosessen er det ikkje så mykje å seie om. Eg har komme heim. No trenar eg litt med Sogndal, vi har ein dialog, og så får vi sjå kva som skjer, seier ein ordknapp Ødegaard til NRK.no.

– Håper du at det vert ei kontrakt med Sogndal?

– Under rette omstender, håpar eg sjølvsagt det, seier Ødegaard.

– Men viss det ikkje skulle bli det, er det aktuelt å trene med Førde og bidra i det miljøet?

– Ja, det kan det vere. Men eg har ikkje tenkt så langt på den eventuelle fasen. Eg tek ein ting om gongen, seier Ødegaard.

Nøgd med tilhøva på Campus

Det nye kunstgraset på Fosshaugane Campus likte han iallfall godt då han trente med Sogndal torsdag føremiddag.

– Då eg spelte her var grasbana veldig bra. Eg likar jo eigentleg betre gras enn kunstgras, men dette er eit veldig bra dekke. Og dessutan er stadion heilt ny, så det er ein del forskjel sidan sist eg var her, seier Ødegaard.

Han merkar at det har skjedd endringar i klubben sidan sist han var der.

– Det er litt forandringar, det er vorte litt meir profesjonelt. Men vi hadde ein god treningskultur då eg var her også. Og så hadde vi også nokon kontinuitetsbærarar den gongen også. Eg trur ikkje det er nokon skilnad på innsatsen, men det er meir profesjonalisert, seier Ødegaard.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alexander Ødegaard

GODT SELSKAP: F.v. Øystein Myrkaskog, som er på prøvespel frå Vik, Ruben Holsæter og Alexander Ødegaard.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Trur ikkje han er for gammal

31-åringen trur ikkje han er for gammal for Tippeligaen.

– Har du motivasjon og er god nok, så kan du spele lenge. Det finst fleire eksempel på det, seier Ødegaard, og peikar på på at både Tore André Flo og Eirik Bakke er godt vaksne spelarar som framleis held koken.

– Det var kjekt å komme tilbake, sjølv om det ikkje er så mange att etter mi tid her. Men kjekt, seier Ødegaard.

Har hatt lite speletid i Metz

Ødegaard spelte for Sogndal frå 1999 til 2004, fekk 125 kampar og scora 45 mål. Han vart laget sin toppscorar med 15 mål i 2004-sesongen då han også fekk Kniksenprisen og spelte seg inn på landslaget.

Same år gjekk han til Rosenborg for 11 millionar kroner, og karrieren sidan har vore prega av opp- og nedturar.

Etter fire år i Vikting gjekk han til franske Metz. Der hamna han etter kvart utanfor laget, og har hatt lite speletid i det siste.