Hopp til innhold

Vogntog reiv ned vifte i taket - redusert framkomst på riksveg 5

Sundafjelltunnelen på riksveg 5 mellom Eikefjorden og Florø har berre eitt køyrefelt ope etter at eit vogntog har treft og rive ned ei vifte i taket på tunnelen.

Sundafjelltunnelen

LANGE KØAR: Det danna seg raskt lange køar utanfor Sundafjelltunnelen.

Foto: Roger Bareksten

– Truleg har ein lastebil teke oppi taket og komme borti ein installasjon der, kanskje ei vifte, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Drange.

– Det er manuell dirigering på staden. Det er førebels uvisst om tunnelen må stengje for at ein skal få hengt opp att vifta, viss det i det heile let seg gjere, seier operatør ved Vegtrafikksentralen, Ketil Molvær.

Klokka 13 melder Vegrafikksentralen at vegen kan bli stengd i ein time mellom klokka 13.15 og 15.00.

Sjåfør køyrde rett inn i vifta

Ein vogntogsjåfør skal ha køyrt rett inn i vifta, som heng ned i det høgre køyrefeltet når du kjem køyrande frå Florø i retning Eikefjord.

– Han fekk skade på skapet sitt, men eg kjenner ikkje til kor mykje det er snakk om, seier Molvær.

Det er førebels uvisst om vifta er i orden og kan hengjast opp att, eller om vifta må skiftast ut med ei ny.

Entreprenøren er på plass

Vegen var ei stund heilt stengd, men no har ein fått opna det eine køyrefeltet slik at bilar kan passere.

Tunnelen ligg om lag midt mellom Florø og Eikefjord. Entreprenøren som har ansvar for tunnelen er på staden for å sjå om det let seg gjere å reparere skadane.