Hopp til innhold

Ingemar (80) skulle sykle Vardø - Horten, men måtte bryte

Ingemar Nordstrand (80) skulle sykle den 220 mil lange strekninga mellom Vardø og Horten på 12 dagar, slik han gjorde for 52 år sidan. Men slik gjekk det ikkje.

Ingemar Nordstrand

VILLE SÅ GJERNE: Ambisjonane var på topp, men kroppen svikta Ingemar Nordstrand.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRk

– Vi starta optimistisk jonsokaftan, og med tøffe dagsetappar forå halde skjemaet. Men når eine kneet begynte å streike, og det vart mangel på fråspark, krangla også det andre beinet. I tillegg fekk eg mageproblem, seier Nordstrand til Firda.

I tillegg vart han råka av eit heller vanleg problem for syklistar.

– Eg vart sår i baken. Korkje vaselin eller barnepudder var god nok motgift, så til slutt var det inga anna råd for min del enn å bryte, seier Nordstrand.

Hadde gjort unna 72 mil i luftlinje

Dermed var det over og ut for sykkelturen under etappen Arvidsjaur-Storvand i Sverige.

Men då hadde han og makker Per Enholm (73) allereie lagt bak seg 72 mil i luftlinje.

Grunnen til at Nordstrand sykla den lage turen for 52 år sidan var fordi han skulle ta til i ny jobb i Horten. I litt festleg lag sa han at han hadde tenkt å ta ein gammal sykkel som stod på skulen der han jobba, og punktere seg nordover mot Horten.

Og dermed var det gjort. Unge Nordstrand trødde seg nedover frå Vardø, over Finnmarksvidda, ein tur innom Finland, sørover gjennom Sverige, kryssa grensa inn til Norge att ved Kongsvinger, og så til Horten via Drammen.

Makkeren held fram åleine

Det var også planen då dei to karane starta jonsokaftan, men slik skulle det ikkje gå. Nordstrand vedgår overfor avisa at han kanskje var litt overmodig.

Makker Enholm held fram turen og har stor tru på å klare målet.

– Han legg opp til å komme til Horten med kortare dagsetappar, slik at han er framme neste veke, seier Nordstrand.