Hopp til innhold

Fride (1) hadde eit batteri i halsen i 25 dagar

Like før jul byrja plutseleg vetle Fride (då 10 mnd) å hylgrine på golvet heime i Måløy. Først 25 dagar, og sju legebesøk, seinare, fann legane batteriet som sat fast i halsen til den vesle jenta.

Ruth Anne Venøy og Fride Venøy Kvalheim

DRAMATISK JUL: Ruth Anne Venøy og dottera Fride fekk ei dramatisk jul.

Foto: privat

– Ho var heilt utrøysteleg. Ho er veldig glad i smoothies, so me prøvde å få i ho litt av det, men ho spydde det rett opp att, seier mor Ruth Anne Venøy til NRK.

Det er Bergens Tidende som skriv om den stakkars ungen onsdag.

Fram og tilbake til legekontoret

Det var den 21. desember Fride fekk batteriet i halsen. Dagen etterpå reiste dei til legen, men han sa at det mest truleg var spysjuka, fordi det var mange som hadde den i området.

– Det slo me oss til ro med, sjølv om eg tykte det var merkeleg at ho heile tida ville ha mat. Hadde ho vore kvalm hadde ho ikkje vore so svolten. Men eg var heile tida engsteleg for at ho hadde svelgt noko.

Men vesle Fride var framleis utrøysteleg. Den 23. desember reiste dei på nytt til legen, og denne gongen var det ein annan lege som tok i mot dei. Han forklarte at det var øyrebetennelse, og foreldra slo seg til ro med det.

– Blå rundt munnen

Ruth Anne Venøy og Fride Venøy Kvalheim

ALT BRA: Men no er alt bra

Foto: privat

I over ei veke gjekk ho på penicillin, men nyttårsafta fekk ho pusteproblem.

– Ho vart heilt blå rundt munnen, og med ein gong legekontora opna den 2. januar reiste me dit.

Dei fann framleis ingenting, og Fride starta i barnehagen på nyåret. Etter ei veke ringte barnehagen og sa at det hadde kome litt væske ut av øyra på den vesle jenta, og foreldra tok med ungen på nok eit legebesøk.

Denne legen såg at ho var litt raud i halsen, og han trudde ho hadde fått noko i spiserøyret.

– Han sendte oss til Førde med ein gong, men spesialistane der sa at det truleg var ein virusinfeksjon, seier mora, som framleis hadde ei magekjensle av at noko sat fast.

Gjennombrotet

Ho vart sendt heim, men på heimvegen fekk Fride voldsom feber, og neste dag var det på ny duka for ein tur til sjukehuset i Førde.

Morgonen etter kom gjennombrotet på røntgenbilete.

– Det var ein barnepleiar som stod der då dei tok bileta, og då ho såg bileta so høyrte eg at ho gispa og sa «det er jo det foreldra har sagt heile tida». Då vart eg berre letta over at dei endeleg hadde funne ut kva det var.

Norsk kronestykke

SO STORT: (Illustrasjonsbilete) Knappebatteriet målte 22 mm i diameter. Det er nesten like stort som eit kronestyke.

Foto: Roald, Berit, Berit Roald, Foto: Berit Roald / Scanpix

– Legen kom til oss og sa at «de har hatt rett heile tida», seier mora.

Fride vart sendt til operasjonssalen, og i halsen på den vesle jenta fann legane eit litiumsbatteri på størrelse med ei krone.

– Kunne ha mista ho

Fride vart verande på sjukehuset i to veker til. Ho fekk næring gjennom ein sonde for å skåna spiserøyret.

– Me stolar framleis på legane, men eg vil kanskje stå litt meir på mitt om eg trur noko er gale i framtida. Der og då teinkte eg ikkje på kor gale det kunne gått, men i ettertid har eg jo teinkt på at me kunne ha mista ho, seier Venøy.

– Me er veldig glade for at ho er blitt heilt frisk at, fortel far Jan-Erik Kvalheim til Bergens Tidende.

Legane trur ikkje ho vil få varige mén etter hendinga.

Sjukehuset beklagar

Bergens Tidende skriv at kommunelegen i Vågsøy skriv i eit brev til sjukehuset i Førde der han ber dei orsake seg ovanfor familien. Sjukehuset har seinare beklaga seg. BT har også snakka med fylkeslege Per Stensland, og han seier at sjukehuset her har gjort ein alvorleg feil.