Hopp til innhold

Vil anke svindeldommen

Trygve Staff, som forsvarar den svindeltiltalte nordfjordingen, seier mannen vil anke dommen på to år og fire månader i fengsel.

Svindelsak i retten.
Foto: Steinar Lote / NRK

Tingretten dømde både han, kona og svigermora for svindel av tre sambygdingar. Hovudmannen vart dømd til to år og fire månader fengsel, der eitt år og fire måndar er på vilkår.

Trygve Staff

FORSVARAR: Trygve Staff

Foto: Steinar Lote / NRK

– Han vil anke med ein gong, dette resultatet kan han ikkje på nokon måte godta, seier forsvarar Trygve Staff.

– Dommen er, etter hans og mitt syn, heilt feil når det gjeld avgjersla om skuldspørsmål. Det er veldig skuffande, og det er eit veldig hardt slag for han, seier Staff.

Saman med kona og svigermora er han dømd for ha svindla tre sambygingar, og må betale tilbake vel ein million kroner.

– Han er domfelt og familien hans er domfelt, og han er innbitt på at siste ord ikkje er sagt. Det blir anka, seier Staff.

– Det er slik at tingretten har avfatta dommen med ein begrunning som er veldig vanskeleg å forstå er i tråd med gjeldande rett.

– På kva måte?

– Det er tingretten si vurdering av dei bevisa som er presentert, der tingretten til skuldspørsmålet tek utgangspunktet i at det nokre lensmannsbetjenter seier er heilt korrekt. Tingretten oversåg totalt den bevisføringa som styrkar at dei tiltalte ikkje er skuldige.

Sjå TV-saka då saka starta i Fjordane tingrett.

Fjordene tingrett

Stor svindelsak i retten