AV: Hilde Sander Meling
– Med bakgrunn i den informasjonen vi får frå dei som vert tekne i fartskontroll, er det mi oppfatning at dersom ferjene går oftare, vil det verte mindre villmannskøyring på vegane, seier distriktsleiar Leon Nordanger i Utrykkingspolitiet (UP), distrikt 06.
Han har oversyn over trafikken frå Bokn i sør til Stad i nord.
Hyppige kontrollar
I heile landet har UP 100 prioriterte vegstrekningar som dei overvaker. E39 er ein av desse og med det svært sentral i arbeidet UP gjer på Vestlandet.
– Både i Bokn, på Stord og mellom Bergen og Oppedal er det mykje gjennomgangstrafikk. Vi merkar at det er vanskelegare å nå fram med informasjon til desse fordi mange av dei som køyrer strekningane, ikkje les lokalaviser eller får med seg annan informasjon om kvar vi har hyppige kontrollar, seier Leon Nordanger til.
Han fortel til Fjord1 Magasinet at få av dei som vert tekne i fartskontrollar på dei nemnde strekningane, er lokale. Det er truleg ein konsekvens av at dei som bur i nærleiken, kjenner til at det vert utført kontrollar i dei utsette områda.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Om du veit at du må vente ein time på neste ferje om du misser ei, vil du kanskje køyre fortare for å nå ei ferje enn om det berre er ein halvtime å vente, fortel Nordanger.
Han har ingen konkret statistikk over kvar enkelt vegstrekning å vise til, men er ikkje i tvil om at dess lengre tid det er mellom ferjeavgangar, jo meir stress førekjem.
I 2011 vart 9032 førarar tekne for å køyre for fort i distrikt 06, mens 283 miste førarkortet på grunn av for høg fart. Tala i 2012 tyder på at det kan verte fleire i år, for frå januar til og med mai har 160 mist førarkortet og 4571 har vorte bøtelagde.
- LES OGSÅ:
Farlege forbikøyringar
Det er ikkje berre høg fart som er eit problem på vegane. Det er òg slik at dei som køyrer sakte, er med på å skape ei rekkje farlege forbikøyringar – særleg om nokon fryktar å komme for seint eller å ikkje få plass på ei ferje på grunn av stor trafikk.
– Det vil nok vere gunstig med tettare avgangar for å få mindre hardkøyr mot ferjene, fortel Nordanger.
Han meiner dette gjeld spesielt på trafikkerte samband og i tidsrom der det er lenge til neste ferje. Og akkurat det har Fjord1 begynt å arbeide med.
Leif Øverland, administrerande direktør i Fjord1, meiner det er viktig å ha merksemda retta mot dei reisande – også når dei ikkje er om bord på ferjene.
– Vi fraktar over 21 millionar passasjerar i året berre på ferjene våre og ser tydeleg at frekvensen burde vore betre på fleire samband, seier Øverland.
– Med 20-minuttsfrekvens vil vi alle kunne kaste ruteheftet. Sidan ferja er ei forlenging av vegen, er det eigentleg heilt utruleg at vi har stamvegar i Norge som ikkje har ein betre ferjefrekvens og i tillegg at overfartar er nattestengde, seier Øverland.
Han er spesielt oppteken av at alle ferjestrekningane på E39 mellom Stavanger og Trondheim får «20-minuttern».
- LES OGSÅ:
Nasjonal transportplan
Det er i Nasjonal transportplan, som skal behandlast på Stortinget i haust, det vert avgjort om det kan verte 20-minuttsfrekvens på stamvegnettet eller ikkje. Det ser unekteleg positivt ut etter at absolutt alle parti i Sogn og Fjordane samrøystes gjekk inn for å fremje dette som ein del av planen.
– Med positive vedtak kan forbetringa komme kundane raskt til gode, seier idémakar Leif Øverland.
– Det tek maks eitt år frå vedtak til ein kan ha løysinga på plass, dersom alle partar vil dette. Det er ledig ferjemateriell i Norge, og verftsindustrien bruker i underkant av eitt år på å byggje ei ferje om ein ynskjer topp moderne miljøvennleg materiell.
Auka tryggleik
Også distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk har erfaring med at hyppigare avgangar på ferjene gir auka trafikktryggleik.
– Vi veit at det vert rolegare køyring med hyppigare ferjeavgangar og har sett konkrete eksempel på dette. Eit av dei er sambandet Mannheller–Fodnes i Sogn då dei gjekk frå 30 til 20 minutts frekvens, seier Audun Heggestad.
Om folk har eit alternativ, vel dei å køyre der ferjefrekvensen er høgast, meiner Heggestad.
– Det at Fjord1 ynskjer å auke hyppigheita på ferjeavgangane, ser eg positivt på ut frå eit trafikktryggleikssyn, seier Heggestad.
Forventar fleire ferjeavgangar
Norges Lastebileier-forbund har lenge kravd utvida opningstider og auka kapasitet på dei mest trafikkerte ferjesambanda for å unngå fråkøyring og lang ventetid.
Lastebilsjåførar er pålagde å ta ei døgnkvile som i all hovudsak skal vere ein samanhengande pause på 11 timar, kvar 24. time. Sjåføren risikerer bot dersom han eller ho vert teken for brot på køyre- og kviletidsføresegnene, i tillegg til at det er uheldig med tanke på trafikktryggleiken dersom ein sjåfør må køyre i lange strekk utan skikkeleg kvile, fortel Terje Grytbakk, avdelingssjef for næringspolitikk i Norges Lastebileier-forbund.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Lastebilsjåførane er også pålagde å ta ein pause etter 4,5 timar effektiv køyring, ein pause som normalt skal vare i 45 minutt. I somme situasjonar tel kvart minutt for at sjåføren skal rekke å komme seg heim eller finne ein eigna stad i tide til å ta kvila si.
- Både stressande og farleg
– Hyppigare ferjeavgangar vil gi ein betre tidsmargin med tanke på dette, samstundes som det òg vil gjere lastebilsjåførar mindre avhengige av å måtte køyre etter rutetabellane. Å måtte køyre fort for å rekke ein ferjeavgang er både stressande og farleg, seier Terje Grytbakk.
Han trur også at auka ferjefrekvens vil korte ned på potensiell ventetid og gjere det mindre kritisk dersom ein ikkje får plass på ei ferje.
Grytbakk ynskjer auka ferjefrekvens velkommen og fortel at dette er positivt med tanke på å overhalde kviletida i tillegg til at det vil gjere transporten meir effektiv.