Hopp til innhold

– Det planlagde naudnettet er ikkje robust nok på Vestlandet

Det nye digitale naudnettet hadde ikkje takla uvêret Dagmar. Det stadfestar direktør i Direktoratet for naudkommunikasjon, Nina Myren.

Slik har "Dagmar" herja i Florø

KOMMUNIKASJON: Då Dagmar herja på Vestlandet var fleire utan telefon. Det nye naudnettet i Sogn og Fjordane skal vere på plass i 2014 og målet er at det skal vere enkelt for naudetatane å kommunisere saman.

Foto: Truls Kleiven

I romjula stod mange område på Vestlandet utan straum og telefon i fleire dagar. Og det nye naudnettet som skal stå ferdig i 2014 i fylket, er heller ikkje robust nok til ein ny Dagmar.

Naudnettet skal sørge for at politi, brann og helseetatar sikkert og enkelt kan kommunisere i eit felles nett. Men også det nye nettet hadde fått problem under Dagmar på Vestlandet, seier Nina Myren i direktoratet for naudkommunikasjon.

– Vi har gjort analyser som tyder på at om naudnettet hadde vore i drift på Vestlandet under Dagmar, så ville vi sett det same der, at nokre stasjonar ville ha vore ute av drift.

– Inga overrasking

Jan Heggheim, fylkesdirektør næringsavdelinga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Jan Heggheim i Sogn og Fjordane IT-forum.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Nettet er ferdig utbygd på delar av Austlandet, og der måtte naudetatane hente fram det gamle sambandsutstyret under Dagmar.

Dette kjem ikkje overraskande på leiaren i Sogn og Fjordane IT-forum, Jan Heggheim.

– Det bekreftar vel ein del indikasjonar vi elles har fått. No er det slik at vi legg opp ein samfunnsmessig infrastruktur som gjer oss avhengige av god kommunikasjon, og når det ikkje fungerar så blir det problematisk, naturlegvis.

Heggheim trur nokre grep kan gjere naudnettet meir stabilt, trass i ein orkan.

– Det må vere god tilførsel av breiband til dei basestasjonane som skal betene naudnettet. Punkt to er at vi er nøydd til å ha fleire alternative kommunikasjonsvegar, slik at dersom ein veg skulle bli broten så vil den andre fungere. Desse basestasjonane må ha batterikapasitet og reservedelar, altså straumforsyning, som gjer at dei kan fungere.

Ser på løysningar

Nina Myren

Nina Myren i direktoratet for naudkommunikasjon

Foto: Pressefoto/Morten Brakestad

I Sogn og Fjordane skal naudnettet stå ferdig hausten 2014. Og direktoratet som har ansvar for utbygginga ser no på løysingar som kan forbetre naudnettet.

– Det som kan vere aktuelt er å auke reservestraumkapasiteten på basestasjonane. Alternativt om ein aukar batterikapasiteten. Vi ser også på noko som heiter brenselceller og vurderar om det er hensiktsmessig å bruke i Norge, seier Myren.

Direktoratet kan likevel ikkje garantere at dette blir gjort.

– Det som gjeld er at naudnettet skal vere landsdekkjande innan 2015. Det er eit mål vi er veldig opptekne av, og vi ønskjer ikkje å innføre tiltak som set den målsetjinga i fare.

Teke i bruk i aust

Per mai 2011 har politiet, inkludert UP og PST, teke i bruk det nye, digitale naudnettet i dei seks politidistrikta som inngår i første steg av utbygginga.I brannvesenet har Alarmsentralen Brann Øst i Moss og Oslo brann- og redningsetat kopla seg på det nye nettet.

I helsevesenet har AMK-sentralane i Østfold, Oslo/Akershus og Buskerud teke systemet i bruk, samt ambulansetenesta og delar av akuttmottaka og legevaktsentralane i området.