Hopp til innhold

Småaksjonærar taper millionar dersom Førde Storsenter vert seld

Dersom Førde Storsenter vert seld går alle pengane rett tilbake til banken. Då mister nærare 100 småaksjonærar totalt langt over 20 millionar kroner. Ein av aksjonærane hevdar å ha blitt lurt.

Førde Storsenter

TOMT I FLEIRE ÅR: Småaksjonærar tapar store pengar dersom dei ikkje klarar å få aktivitet i bygget igjen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Johan Kjønø i Bergen er ein av småaksjonærane som står i fare for å miste pengane sine. På seinsommaren 2007 vart han overtalt til å gå inn i Førde Storsenter med ein million kroner frå hussalet i Kristiansund. Han hevdar at han vart lova tryggleik, god avkastning og han kunne få ta ut pengane når som helst.

– Då vi oppdaga at det var noko kluss med papira, så ville vi ta ut pengane, men då fekk vi beskjed om at det gjekk ikkje. Vi måtte selje aksjane for å få ut pengane. Så vi vart lurt frå første stund, fortel Kjønø.

Kjenner seg lurt

Førde Storsenter har stått tomt i nesten tre år no, og har lege ute for sal i nærare to av dei.

Sommaren 2007 vart Førde Storsenter seld til forvaltnings- og investeringsselskapet Caveo i Stavanger. Ikkje lenge etter dukka det opp ein Caveo-representant på døra heime hos Kjønø i Kristiansund.

– Dei sa det var den sikraste plassen å plassere pengane, og vi beit no på det her sjølvsagt, seier Kjønø

Kvifor sette du ikkje pengane i banken?

– Ja, det kan du seie, det var jo det vi skulle ha gjort. Vi forhøyrde oss rundt om Caveo og fekk høyre at det var trygt.

Då Caveo gjekk konkurs i 2009 samla dei 92 småaksjonærane seg i Førde Storsenter AS. No risikerer dei alle å miste pengane sine for godt.

Avhengig av å leige ut

Sparebanken Vest er panthavarar i bygget, og dersom bygget vert seld går alle inntekter rett tilbake i banken. Då vil Kjønø og dei andre småaksjonærane stå att med tomme hender.

Det 8000 kvadratmeter store næringsbygget på Øyrane har lagt ute for sal i nærare to år. Prislappen var i 2010 på 65 millionar kroner. I annonsa i dag står det at bod er ønskt. Geir Nordstad i Kyte Næringsmekling seier at dei har jamnleg dialogar gåande, men ingen konkrete bod i bordet. Han fortel også at det er vanskeleg å selje eit så stort bygg.

Så lenge Førde Storsenter ikkje er seld, held aksjonærane håpet oppe. For deira einaste håp for å få att pengane er at dei får leigd ut bygget. Kjønø har sjølv vore med i styret i Førde Storsenter AS. Han jobba så hardt for å få inn butikkar at han vart utsliten og måtte trekkje seg ut. Likevel lever håpet i han.

– Dersom vi får godvilje til å putte butikkar inn i senteret så har eg tru på at vi får igjen pengane, seier Kjønø.

Taper om bygget vert seld

Som panthavarar i bygget er det Sparebanken Vest som innkasserar heile kjøpesummen dersom bygget vert seld. Banksjef Eyvind Bagge ønskjer ikkje å uttale seg utover at banken helst ser at Førde Storsenter vert seld

– Blir bygget seld så taper vi pengane våre. Så lenge det ikkje er seld så har vi eit håp om at vi skal klare dette.

Det seier styreleiar i Førde Storsenter AS, Christian Sohlberg. Han prøvar framleis å finne ei løysing slik at han og dei andre aksjonærane kan få att pengane sine, som er på totalt langt over 20 millionar kroner.

– Det er jo forferdeleg. Vi prøver så godt vi kan å få etablert noko aktivitet der, anten ved at det offentlege, altså kommune, fylkeskommune, helseforetak og andre instansar kunne vore interessert i å bruke bygget. Eller andre private, seier Sohlberg.

Førde Storsenter AS hadde i fjor ei langsiktig gjeld på 66 millionar kroner. Ei gjeld Caveo forlet dei med. Sohlberg fortel om eit uærleg selskap.

– Vi blei kontakta av Caveo alle saman. Nokre lånte pengar, nokre hadde nokre pengar sjølv, for å gå inn i Førde Storsenter som vart presentert som ei veldig sikker og trygg investering. Det viste seg veldig raskt at det var det ikkje.

NRK har gjentekne gonger prøvd å få tak i Caveo-leiinga frå 2007, utan hell.

Ber om hjelp frå Førde

For Kjønø og familien hans har det vore nokre tøffe år. Kjønø hadde håpa å bli gjeldfri med investeringa i Førde Storsenter. Etter at han vart nedkøyrd i ein fotgjengarovergang har han vore 50 prosent ufør.

– Økonomisk så har vi slite, så det var difor at vi ville ha pengane våre plassert på ein sikker plass til vi skulle bruke dei til å kjøpe hus i Bergen. Det er jo tøft. I vår alder så skulle vi vore gjeldfrie, vi, seier Kjønø.

No håpar han at andre i Førde, anten det offentlege eller private, kan hjelpe dei med å få fylt opp att bygget. Utanom det kan han ikkje gjere noko anna enn å sjå framover.

– Vi kan ikkje tenke på det, for det knekkjer oss. Vi må berre gløyme det, eigentleg. Når ein har det tøft økonomisk så må ein berre kjempe med det lille ein har.

Lite kommunen kan gjere

Ordførar i Førde kommune, Olve Grote tykkjer synd på aksjonærane, men seier at det er slik at av og til lukkast investeringar og av og til ikkje.

– Ein by av Førde sin storleik vil alltid ha eit og anna bygg som står tomt i ein mellomfase. Når det gjeld dette bygget så syns eg det har stått tomt for lenge. Eg har håp om at det snart kan komme inn aktivitet i bygget, seier Grotle.

– Korvidt det vert handel slik det som var før, det veit eg ikkje, men eg synest det er uheldig at det ved den vestlege inngangen til Førde står eit bygg som det ikkje er aktivitet i.

Ordføraren seier at kommunen har få moglegheiter og verkemiddel til å gå inn i eit privat næringsbygg, men dei prøver likevel å hjelpe.

– Næringsapparatet vårt, Sunnfjord Næringsutvikling, har vore både i kontakt med banken og eigarane av bygget for å sjå om det er noko kommunen sitt næringsapparat kan hjelpe til med. Vi har ein katalysator for å få på plass ny aktivitet. Det har vi gjort og det vil vi framleis gjere, seier Grotle.