Hopp til innhold

Bil velta mellom Vangsnes og Feios

Ein mann vart send til sjukehuset på Voss etter at bilen han køyrde velta fire kilometer frå Vangsnes.

Bil velta mellom Vangsnes og Feios

VELTA: Sjåføren er sendt til sjukehus etter trafikkulukka i Vik.

Foto: Terje Målsnes

Politiet fekk melding om uhellet like før klokka 07:00 onsdag morgon, og personell frå ambulanse og brannvesen kom like etter på staden.

Bilen velta på fylkesveg 602 mellom Vangsnes og Feios. Skadeomfanget er førebels ukjent, men ein mann vart send til sjukehuset på Voss. På sjukehuset får vi opplyst at den 52 år gamle bilføraren er lettare skadd, og at tilstanden hans er stabil.

Bilen låg delvis inne i køyrebana, og passerande bilar vart dirigerte forbi staden.

Bil velta mellom Vangsnes og Feios
Foto: Terje Målsnes