Hopp til innhold

No kan du gle deg til varme dagar

Fram mot laurdag vil temperaturane stige opp mot 25 grader i indre strok av fylket vårt. Varm luft frå kontinentet er årsaka.

sommer

NYT SOLA: Fram mot laurdag ventar statsmeteorologen temperaturar opp mot 25 grader.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand kan med glede fortelje at i alle fall første del av helga vert bra her i Sogn og Fjordane.

– Torsdagen er det søraust opp i frisk bris på kysten. Dagen startar med skya ver og litt regn, men det lettar fort og fram på føremiddagen så ventar vi lettskya til pent ver. Men det er utrygt for ettermiddagsbyger grunna all soloppvarminga, fortel vêrmeldaren til NRK.

I følgje ho kan vi så gle oss til to verkeleg gode dagar fredag og laurdag denne veka.

– Ser vi fram mot helga, så vil dag og nattetemperaturane stige jamt mot ein maks på laurdag. Opp mot kanskje 25 grader i indre strok.

Tipset hennar er å nyte dagane fram mot laurdagen, for søndag er det tilbake til nordavinden og lågare temperaturar igjen. Kvifor det vert så varmt fram til og med laurdag forklarer ho slik:

– Det som skjer er at vi har eit lågtrykk vest for oss som pressar luft frå kontinentet inn i landet vårt. Om sommaren så vert land varma raskare enn hav og når vi får vinden frå land så er det varmare luft, seier Opstad Strand.