Hopp til innhold

Vil ikkje kommentera fengselsgjerde

Justisminister Grete Faremo vil ikkje kommentere kravet frå fengselsleiinga i Vik som vil ha nytt og sikrare gjerde rundt fengselet.

I helga rømde to fangar ved å klatre over gjerdet, og det var den tredje rømminga på to år.

Faremo viser til Kriminalomsorgen og seier det er dei som må kommentere denne saka.

Kriminalomsorgen seier at ein nytt gjerde vil koste omlag ein million kroner, og at dei har vore i kontakt med justisdepartementet om dette.