Hopp til innhold

Sprengde første salva til ny tunnel

Måndag small første salva til den nye tunnelen som skal gi trygg veg til innbyggjarane på Laukeland i Gaular.

Sindre Hestad

TYKKJER DET ER KJEKT: Sindre Torbjørn Hestad gler seg over at tunnelen snart kjem.

Foto: Simon Solheim / NRK
Margot Aase Åsebø

TRYGG VEG: Margot Åsebø i Statens vegvesen seier tunnelen sikrar innbyggjarane ein tryggare veg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Ras på fylkesveg 391 i Gaular

RASA UT: Slik såg det ut etter at 11 meter av fylkesveg 391 rasa ut i fjorden. Berre rekkverket hang att.

Foto: Odne Laukeland

– Dette tykkjer vi er veldig kjekt. Vi har venta lenge no, seier Sindre Torbjørn Hestad.

Han er ein av innbyggjarane som først var isolert, og som så har måtte klare seg med ein mellombels veg.

20 meter rasa ut

Det var i november 2010 at omlag 20 meter av vegen rasa ut mellom Sunde og Hestad på nordsida av Dalsfjorden. Eit stort stykke av fjellet forsvann ut i fjorden og rekkverket blei hengande i lause lufta.

I tida etter måtte dei omlag 60 innbyggjarane bruke skyssbåt for komme seg til og frå Laukeland. I mars i fjor fekk dei ein ny mellombels veg, medan dei ventar på at tunnelen skal byggjast.

500 meter tunnel

Fylkeskommunen har løyvd pengar til bygginga av tunnel forbi rasstaden. Seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen sier tunnelen skal stå ferdig innan 5. juli 2013.

– Det er akkurat eit år til entreprenøren har frist på seg til å få prosjektet ferdig, seier ho.

Tunnelen får eit køyrefelt og blir 500 meter lang. Heile prosjektet har ein kostnadsramme på 37 millionar kroner. Den skal sikre innbyggjarane til den vesle bygda ein trygg veg.

– Den skal erstatte eit lengre parti med dårleg vegstandard, seier Åsebø.

Får mykje tryggare veg

Sindre Torbjørn Hestad seier den midlertidige vegen stort sett har fungert fint, sjølv om det av og til har vore litt trøblete.

– Det har stort sett gått greitt, men grusen har blitt vaska vekk når det regnar. Dermed har det blitt store hol. Den er også så bratt at det ikkje alltid vi har kome oss over om vinteren, seier han.

No gler han og resten av innbyggjarane seg til den nye vegen og tunnelen er på plass om eit års tid.

– No får vi vekk store deler av eit veldig rasfarleg parti, så vegen til bygda blir mykje tryggare no.

Video Veg rasa ut- 60 personar isolerte

SJÅ VIDEO: Veg rasa ut - 60 personar isolerte.