Hopp til innhold

– Pengane er på konto, og no skal me på polet ein tur

Bebuarane og dei tilsette ved Fjaler sjukeheim fekk ei hyggjeleg overrasking då dei mottok ei gåve på 2000 kroner. Pengane var nemleg øyremerka «Dram til bebuarane».

Anita Hustveit Zadig

– SJØLVSAGT SA EG JA: Tenesteleiar Anita Hustveit Zadig vart veldig glad for gåva.

Foto: privat

– Det er veldig, veldig hyggjeleg. Det er kjekt at bygdefolket hugsar på bebuarane her, seier Anita Hustveit Zadig ved Fjaler sjukeheim.

Ho er tenesteleiar for bistand og omsorg, og vart naturleg nok veldig glad då bedrifta Fure Mekaniske bestemte seg for å bidra litt til sjukeheimen i kommunen.

– No skal me på polet

– Eg fekk ein veldig hyggjeleg telefon frå dei der dei lurte på om det var mogleg for dei å bidra med noko til sjukeheimen. Dei hadde lyst å gi oss litt pengar slik at me kunne halda fram med å gi pasientane ein liten dram av og til.

Det er ei god veke sidan pengane tikka inn på konto.

– Eg sa jo sjølvsagt ja med ein gong! Dette set me veldig pris på. No har me fått pengane på konto, og skal ta oss ein tur på polet i Førde, smiler Hustveit Zadig.

Sjukeheimen har ikkje gått ut og spurt etter pengar, men mottek ein del gåver. Denne gongen hadde gjevaren tenkt på eit spesielt føremål.

– Dei fortenar det

Kåre Eimind

VIL BIDRA: Kåre Eimind er dagleg leiar i Fure Mekaniske.

Foto: privat

– Me høyrde at det var tomt på kontoen for dram og den slags, og då sa me at me kan gi dei 2000 kroner.

– Me har ikkje sett som krav at det skal brukast på ein liten dram, men det var det som starta det, seier dagleg leiar Fure Mekaniske, Kåre Eimind.

Det einaste bedrifta har sett krav til, er at det skal brukast til bebuarane sitt beste.

– Eg håpar dei set pris på det, beløpet er jo ganske beskjedent, men det er meint som ein liten gest slik at dei kan kosa seg der inne, det fortenar dei, held han fram.

Arve Helle om gåva på Facebook

GLADMELDING: Fjalerordførar Arve Helle (Ap) seier det var litt spesielt at pengane var øyremerka til dram.

Foto: skjermdump

Fjalerordførar Arve Helle (Ap) tykkjer det er eit kjempeflott tiltak av bedrifta.

– Men det er litt spesielt at det var øyremerka dram, smiler han.

Gjer klart for framtidige opphald?

– Pasientane set pris på det. Det er eit tilbod me gir på linje med andre ting, og for nokon er det jo slik at dei kan kosa seg med eit glas raudvin eller konjakk, om ikkje det krasjar med medisinar dei går på, seier Hustveit Zadig.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjaler helsetun (2007)

KAN KOSA SEG: Bebuarane her får kanskje ein liten ekstra skvett i vinglaset etter at pengegåva tikka inn på konto.

Foto: Ottar Starheim / NRK

–Me vil gjerne at dei skal ha høve til å kosa seg med eit lite glas av og til etter at dei er komne på sjukeheimen også, seier ho.

Med eit lite glimt i auga nemner ho at det kan vera ein liten baktanke med gåva også:

– Det kan jo hende at Fure Mekaniske gjer klart til sine eigne sjukeheimsopphald når den tid kjem, smiler ho.