Hopp til innhold

Sommarjobben førte til sommarhit

Som 14-åring hadde Odd Erik Lothe sin første sommarjobb som jordbærplukkar. Mange år seinare laga han ein sommarhit, basert på tida i åkeren.

Odd-Erik Lothe

BRA UTELLING: Odd Erik Lothe starta jobbkarrieren i jordbæråkeren. Mange år seinare skreiv han ein stor somamhit.

Foto: Simon Solheim

Lothe er ein av dei som godt hugsar sin første sommarjobb. Låtskrivaren og artisten er kjend frå mellom anna gruppa Fabel. For han blei det tida i jordbæråkeren - men kanskje mest i ettertid.

– Min første sommarjobb var jordbærplukking då eg var 14-15 år. Det blei ein vond rygg, men flittige hender. Eg blei ikkje rik, og eg trur eg kjapt brukte pengane opp på LP-plater.

Skreiv sommarhit

Han saknar ikkje jobben, men seier det var mange flotte sommarminne med mange søte jenter. Og jordbæråkeren har seinare dukka opp i ein song.

– Eg skreiv ein song seinare som heitte «Jordbær og grasbrann». Så eg har faktisk tent pengar på den sommarjobben i etterkant også.

Gjekk på sætra frå eg var 12 til eg var 18, og bar all turrhøy på garden i hus med i børsa

SMS frå Reidar i Kjølsdalen

Må betale ut pengar

Michelle Walmann

PASSAR PÅ: Michelle Walmann i LO seier det er viktig at alle får seg ein kontrakt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Mange ungdommar brukar ferien til å tene seg nokre ekstra kroner på ein sommarjobb. Men det er ikkje alle arbeidsgjevarar som er like raske med å skrive kontraktar eller gje rett betaling. LO sin sommarpatrulje besøkjer arbedsplassar gjennom sommaren for å sjekke at ungdom vert rett og riktig behandla i jobben.

– Det vanlegaste er at ungdommane ikkje får arbeidskontrakt, eller at den er mangelfull. Men eg vil presisere at det er få feil og manglar i Sogn og Fjordane. Det meste er lett å ordne opp i, seier ungdomssekretær Michelle Walmann.

– Korleis er det med løna?

– Det som overraskar mange, er at det ikkje er minsteløn i Norge. Det står berre i lovverket at løna skal utbetalast i norske kroner. Du kan ikkje bli betalt med pizza, kinobillettar eller klede, til dømes. Skal ein sikre seg ei tariffløn, må ein vere organisert, fortel Walmann.

Min fyrste sommarjobb var å slå på kyrkjegarden. Hadde 12 kroner i timen, trur eg. Det må ha vore i ca 1970

Innsendt SMS

Fylkesmannen starta i oppvasken

Fylkesmann Anne Karin Hamre

I OPPVASKEN: Anne Karin Hamre gjekk gradene frå oppvaskkummen til respsjonen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Video Scars - Iselin Solheim

PLUKKA BRINGEBÆR: Iselin Solheim ga fort opp bærplukkinga.

Foto: Nyhetsspiller

Nokon har aldri sommarferie før dei er godt vaksne. For skal det bli noko liv utover hausten og vinteren, må det pengar inn, og då hjelper det ikkje å leike seg gjennom sommarferien.

Ei av dei som starta tidleg er fylkesmann Anne Karin Hamre frå Leikanger. Ho er oppvaksen på gard og jobba mykje der då ho var ung.

– Den første jobben utanfor garden var då eg var 12 år gammal, på Leikanger fjordhotell. Eg stod i oppvasken og fekk inn koppar og kar, bestikk og glas.

– Blei du rik på denne jobben?

– Nei, det gjorde eg ikkje. Men eg gjekk jo gradene frå oppvask, til servering til resepsjonen. Det var den gjevaste jobben, ler ho.

Ga fort opp

Også artisten Iselin Solheim frå Naustdal hadde sin aller første jobb då ho var ganske ung. Det var mellom bringebærbuskar.

– Eg skulle eigentleg plukke i fleire veker, men det blei berre ei eller to. Eg trudde eg skulle halde ut lenger enn eg gjorde. Dette var då eg var 13 år, og eg plukka saman med ei venninne, fortel ho.

Min fyrste sommarjobb var skogplanting. Då var eg 10-11 år. Den jobben var fast fram til eg blei 18. Var kjekke pengar å tjene :-)

Judith i SMS til NRK

Du skal ha kontrakt, lønnsslipp og attest

Michelle Walmann i LO har gode tips til dei som skal jobbe i sommar.

– Få på plass arbeidskontrakt fortast mogleg. Der skal det stå kor mykje du skal jobbe, kor lenge du skal jobbe, om pausen er betalt eller ikkje.

Ho seier også at alle har krav på lønsslipp. Der skal det også stå kor mykje skatt som er trekt.

– Du må også få sluttattest når du er ferdig. Den skal vere positiv eller nøytral, ikkje negativ, seier ho.

Fyrste sommarjobb var ugrasluking i ein åker, og breiing av møk :-). 10 kroner timen og 5 kroner per møkadonge

Innsendt SMS til morgonsendinga

Kva var din første sommarjobb? Del gjerne opplevingan dine i kommentarfeltet under.