Hopp til innhold

Mange klager på pasientreiser

Pasientombodet er kritisk til korleis slitne og sjuke pasientar vert behandla under drosjetransport til og frå sjukehusa.

Taxi

Illustrasjonsfoto

Foto: Marit Hommedal/Scanpix

Det skriv Firda.

Pasient- og brukarombod Ove Mjåtveit har motteke fleire klager enn normalt den siste tida, og klagene viser eit mønster.

Mellom anna vart ei diabetessjuk kvinne køyrd i drosje frå klokka 12 til seint på kveld, utan å få verken mat eller drikke. Turen heim frå sjukehuset tek normalt to timar.

Ved eitt tilfelle forlet ein dement pasient sjukehuset medan han venta på transport. Han vart seinare funnen att ute, døyande.

Ove Mjåtveit

PASIENTOMBOD: Ove Mjåtveit

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Dette verkar som systemsvikt, seier Mjåtveit til avisa. Han meiner det ikkje berre er sjukehusa som sviktar, men at kommunane har svikta like mykje. Han trur at mange ikkje seier frå fordi dei tenker at det ikkje er verdt bryet med å sette i gang etterspel.

– Det å vere sjuk er ei påkjenning. Det bør ikkje vera slik at pasienten slit seg ut på turen til og frå behandling, seier han til Firda.

Leiar for pasientreiser i Helse Førde, Nils Helge Friborg, seier dei tek klagene seriøst, og at episodane pasientombodet peikar på kan skuldast svikt i fleire ledd.