Hopp til innhold

Tøff start på sesongen - men satsar alt framover mot neste OL

Sandvolleyballspelaren Geir Eithun og makker Iver Horrem satsar no alt på OL i Rio om fire år. Men på vegen dit må dei ofre noko.

Geir Eithun

SET SEG NYE MÅL: Sandvolleyballspelaren Geir Eithun satsar no i fire nye år.

Foto: Joao Pires / FIVB.COM

– Det blir lite tid saman med familie og vener. Vi kan ikkje ta ein fest eller reise på ferie når vi vil. Og alle andre må føye seg etter oss, seier Horrem.

Førdianaren Geir Eithun seier det til tider vore tøft å kombinere toppidrett og eit sosialt liv. Oppkøyringa før sesongen blei tøff.

– Eg mista mor mi i vår. Då kjende eg på det offeret ein gjer, men både ho og eg var veldig opptekne av OL-billetten, seier han.

Vanskeleg å halde fokus

I ettertid har det vore vanskeleg å halde fokuset, men Geir seier han har klart å stengje det vonde ute når han var vore på bana. Horrem har teke omsyn i den vanskelege tida.

– For meg har det handla om å gje han så mykje tid og rom som mogleg. Om det tok ein eller tre månader å komme tilbake - det har vore opp til han, seier Horrem og skryt av makkeren sin frå Førde.

Iver Horrem

Iver Horrem har trua på at dei når målet om OL i 2016.

Foto: NTB Scanpix

– Geir er ein veldig seriøs idrettsutøvar, og det er eit godt utgangspunkt for å klare å OL. Han har ein rå fysikk som er heilt opp i verdstoppen.

Går for gull i Rio

I år sikra dei to Norge OL-billett til årets meisterskap. Det var ein reell sjanse at dei ville klare å få delta i OL etter berre seks månader saman på sanden.

Men leiinga meinte det var andre som var betre, trass i at det var Eithun frå Førde og makker Horrem som sytte for at Norge i det heile deltek i beachvolley i OL. Den ledige billetten gjekk til Tarjei Skarlund og Martin Spinnang, som jamt over har vore det beste paret det siste året.

– I utgangspunktet var det smart å satse på OL. Dette ville vore ein bonus om vi skulle komme til London. Vi var veldig nære, men no er altså hovudemålet 2016.

– Ja, det er ikkje vits i å setje seg nokre andre mål enn det. Vi heiter Team 2016 – vi går for gull i Rio, seier Eithun.

Ei indre kraft

Horrem seier dei ikkje kan spå om framtida, men seier dei allereie har vist at dei kan hamle opp med dei beste i verda.

– Og eg trur ikkje vi blir dårlegare fram mot neste OL, seier han.

Men sjølv om det blei ein liten nedtur i år, så har dei ei indre kraft som driv dei fram mot neste mål.

– OL heng høgt for alle idrettsutøvarar. Vegen er målet, og alt vi skal oppnå og oppleve på vegen dit, seier Eithun.

Har noko i toppen å gjere

Begge har vore volleyballspelarar i mange år, men dei treng likevel ei tid for å få samspelet skikkeleg på plass. Dei har ein psykolog som hjelper dei med å kommunisere.

– Vi har kome mykje lenger som sandvolleypar enn mange andre, og det er positiv. At vi klarer å kome så langt som vi gjer, tyder på at vi har noko i toppen å gjere, seier Eithun.

Ekstremt egoistiske

Med ei ambisiøs satsing, blir det mange hotellrom og mykje reising framover. Det er noko dei kjem til å sakne.

– Det er tida med familie og vener. Det er også litt slik at alle andre må føye seg etter oss.Toppidrettsutøvarar er ekstremt egoistiske. Vi tenkjer på kva vi må ete og kor tid vi skal sove og trene. Dette er utfordrande for dei rundt oss, seier Horrem.

Dei to ligg ikkje på latsida, og allereie tysdag skal dei på treningstur til Sveits.

– Det blir ikkje sommarferie på oss, for å seie det sånn.