Hopp til innhold

Treng ein million kroner til nytt gjerde rundt fengselet i Vik

Kriminalomsorgen har ikkje pengar til nytt gjerde rundt Vik fengsel.

Tilsette i Vik Fengsel fryktar feire fangar vil rømme om ikkje gjerdet blir betre.

SJÅ TV-SAKA: Søndag rømde to fangar frå fengselet i Vik. Fengselet meiner gjerdet er for lågt og fryktar fleire vil rømme.

– Det er eit klart behov for nytt gjerde, men vi har ikkje økonomi, seier fungerande direktør ved Kriminalomsorgen Vest, Ketil Evjen.

Eit 2,3 meter høgt gjerde med piggtråd på toppen var alt dei to fangane måtte klatre over for å stikke av frå fengselet i går. Dette var tredje gong på to år at fangar rømmer frå Vik fengsel. Eit nytt gjerde vil koste omlag ein million kroner.

Stor maskevidde

Assisterande fengselsleiar ved Vik fengsel, Egil Rune Andersen, seier rømningssikkerheita ikkje er god nok slik den er i dag. Det kan vere opptil 28 innsette på ein gong med to tilsette som har vakthaldet.

– Det gjerdet vi har per i dag er eit «avvisningsgjerde», det er ikkje eit rømningssikkert gjerde. Det er 2,3 meter høgt med piggtråd som vender innover. Det er ikkje høgt nok og det er heller ikkje støypt fundament i botnen. Dessutan er maskevidda for stor så det er ikkje klatresikkert, fortel Andersen.

Har ikkje fått svar

Evjen seier dei har hatt ein dialog med departementet om behovet for betre sikring og utbetring av gjerdet.

– Vi har ikkje fått noko endeleg svar på om dei vil tildele oss pengar. Men tidlegare har dei gitt beskjed om at pengane ikkje finns, seier han.