Hopp til innhold

Tok omsyn til turistnæringa - utset tunnelarbeid i fleire veker

Reiselivet har blitt høyrt, for no utset Statenes Vegvesen oppstarten på arbeidet i tunnelane på Strynefjellet til 3. september.

Rv15 Strynefjellet kolonne ventar 4.5.12

KOLONNE: KØ OG KØ: Slike køar vil reiselivsnæringa i Nordfjord helst slep.pe å sjå i turistsesongen

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Margot Åsebø

TOK OMSYN: Margot Åsebø i Statens vegvesen seier tunnelarbeidet blir utset nokre veker.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen seier dei gjer dette etter ønskje frå reiselivsnæringa som har høgsesong i august og difor frykta kaos.

– Vi såg at stengingane av tunnelane i august ville føre til store ulemper for reiselivsnæringa. Dei har jo høgsesong denne månaden. Difor har vi bestemt oss for å utsette oppstarten til 3. september, seier ho.

– Dette betyr mykje

Tunnelane har i lang tid vore delvis stengde og det har vore styrt trafikkavvikling til faste tider. No har arbeidarane sommarferie og det er fri ferdsel gjennom tunnelane. Etter planen skulle arbeidet starte opp igjen 15. august.

Leiar Inger Elin Nes Hjelle i Reisemål Stryn og Nordfjord er glad for utsetjinga. August er høgsesong for cruisenæringa som har rekna ut at mellom 200 og 250 såkalla overlandsbussar mellom Geiranger og Hellesylt vil køyre gjennom dei tre Strynefjellstunnelanei siste halvdel av august.

– August er ein av dei tre viktigaste månadane for reiselivet. Det er mange som kjem over Strynefjellet og det betyr mykje for bedriftene i Nordfjord at turistane kjem seg greitt fram utan å måtte stå og vente lenge.

Blir truleg ikkje ferdige i år

Dei godt 14 dagane som arbeidet no blir utsette, fører til at at anleggsarbeidet ikkje kan avsluttast i november som planlagt.

– Vi må nok ha nokre veker til våren, med dei same stengningane vi har hatt i vår. Det vil seier styrt trafikkavvikling og kolonne til faste tider gjennom tunnelane, seier Margot Åsebø i vegvesenet.