Hopp til innhold

Svake samband i Sogn og Fjordane

Høge fjell og djupe dalar gjer bergingsaksjonar vanskelegare her i fylket. Aurland Røde Kors har hatt problem med sambandet på to av fire redningsaksjonar i år.

Mobiltelefon uten dekning

Illustrasjonsfoto

Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

Operativ leiar i Aurland Røde Kors, Trygve Skjerdal stadfestar at sambanda er svake fleire stader.

– Me hadde dårleg kommunikasjon i startfasen på den aksjonen, seier Skjerdal.

Ei 60 år gamal britisk kvinne omkom etter å ha falle i Myrdalsfossen fredag. Politiet sa at dårleg dekning gjorde berginga utfordrande.

Utfordring for sambandet

Magne Knudsen og Trygve Skjerdal

HAR HATT PROBLEM: Trygve Skjerdal (t.v.) i Røde Kors.

Foto: Arne Veum

– Me har problem i Flåmsdalen og Aurlandsdalen, og det er jo dei to dalane der me tradisjonelt har ein del oppdrag. Me har lange og djupe dalar, høge fjell og høgtliggjande fjellparti der det er store avstandar. Då er det ei utfordring med samband, seier Skjerdal.

Tronge fjordar og høge fjell lokkar folk til fjells. Men den same naturen byr også på ekstra utfordringar for dei som må hjelpe deg ned igjen om noko skulle skje.

– Det viktigaste rådet er at folk sjølv må vera bevisste på kva dei går ut på. Uhell kan skje, og mobiltelefon gir ingen garanti for å kunne varsla naudetatane. Ein må gjera andre tiltak og ikkje stola på mobildekningen, seier beredskapssjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand.

– Ikkje realistisk med 100 prosent dekning

Håvard Stensvand

FYLKESBEREDSKAPSSJEF: Haavard Stensvand

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

– I eit moderne teknologisamfunn er det kanskje festa seg ein førestilling om at me kan bruka teknologi til å kontakta andre, uansett kor me er, men slik er det ikkje. Ein må ta høgde for det mange plassar i naturen.

– Er det realistisk med 100 prosent dekning på nødsamband og mobiltelefonar i Sogn og Fjordane?

– Det er meir eit politisk spørsmål, fordi det heng saman med kor mykje me er villige til å betala for slike tenester. Men eg trur me må leva me at det vil vera umogleg å nå ut med ein mobiltelefon mange stader i terrenget.

Dårleg samband på to av fire oppdrag

På to av årets fire oppdrag så langt har Aurland Røde Kors hatt kommunikasjonsproblem.

– Me har hatt to aksjonar i høgfjellet i februar og mars, og i begge dei aksjonane var det litt dårleg kommunikasjon. Men det var me klar over før me reiste ut, so me forholdt oss etter det.

– Ein del typar teknologi kan kompensera ein god del. Satelittskuggar kan hjelpa litt, og jaktradio er også ein moglegheit. Men for oss andre som ikkje har den teknologien, handlar det om andre måtar å vera beredt på, som å gå fleire i lag slik at ein kan springa etter hjelp om noko skulle skje, seier Stensvand.

– Folk har ferdast utanfor allfarveg i tusenvis av år, og det må me for all del halda fram med, avsluttar Stensvand.