Hopp til innhold

Dødsulukka var tragisk uhell

Dødsulukka på Rallarvegen fredag var eit tragisk uhell. Det er politiet sin konklusjon, seier etterforskingsleiar hjå politiet i Årdal, Helge Øvstetun.

Ulukke i Myrdalsfossen

STOR AKSJON: Alt tilgjengeleg mannskap blei kalla ut for å prøve å redde kvinna.

Foto: NRK.no-tipsar

Ei britisk kvinne omkom fredag etter å ha falle i Myrdalsfossen.

– Me veit ikkje noko meir no enn det me gjorde på fredag, der ei dame datt på sykkel, landa i snø og fulgte snøen nedover mot ei elv. Der vart ho teke av elva og ført vidare, seier Øvstetun.

Ektemannen vart eit hjelpeslaust vitne då kona forsvann i vassmassane.

– Me har ingen andre vitner utover det ektemannen såg og fortalte oss på staden der og då. Det blir rutinemessig oppretta ei sak, men det blir ikkje noko vidare etterforsking då me ser på dette som eit djupt tragisk uhell.

Ei kvinne er funnen død etter at ho fall ut i Myrdalsfossen langs Rallarvegen i Aurland kommune.

Kvinne omkom etter fall i foss