Hopp til innhold

Fleire ivrige fiskarar har fått ein god start på laksefisket i Sogndalselvi

Laksefisket i Sogndalselvi har starta og laksen let ikkje vente på seg.

Laks

GOD START: Laksefisket i Sogndalselvi har starta. Arne Eithun er ein av dei som har landa laks i dag. Denne laksen var på 4,4 kg.

Foto: Arne Eithun

Då vi ved midnatt gikk frå laurdag til søndag var det ein gjeng svært ivrige karar som var på plass ved Sogndalselvi. Laksefisket har med andre ord byjra også der.

God start på sesongen

15 karar kjempa om plassen og om å få den fyrste fisken, og fisk har det blitt fortel leiar i Sogndal jeger- og sportsfiskarlag, Knut Christiansen.

– No på siste telling har vi fått ni laks, men den store ruggen har vi ikkje fått enda. Dei laksane vi har fått til no ligg ganske jemnt på ein fem-seks kilo, fortel Christiansen.

– Korleis er fisket samanlikna med tidlegare år?

– Dei som verkeleg kjenner elva her seier at det lovar veldig godt så langt i alle fall, seier Christiansen.

– Vi har sett han!

Sjølv om storfisken har lete vente på seg er håpet om å få ein stor rugg på kroken i Sogndalselvi framleis til stades.

– Vi har sett han! Det var ein som hadde den på kroken, men han mista han. Vi såg fisken i lufta også og den var ein 10-12 kilo såg det ut til, fortel ein engasjert Christiansen.

– Trur de at de får den i løpet av fyrste døgnet?

– Det kan jo fort skje for vi er mange som er her og fiskar no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndalselvi

VAKKERT: Det er ikkje rart mange har lyst å fiske laks i Sogndalselvi når det er så vakkert som dette. Bilete vart teke ved Møllehølen under laksefisket i fjor.

Foto: Arne Eithun

Ingen storlaks, men godt nøgd

Arne Eithun var ein av dei 15 som var med og fiska i Sogndalselvi i natt og fisket det gav resultat.

– Det er ikkje noko stor rugg, men det er ein fin start. Den er på 4,4 kg, fortel Eithun.

Sogndalselvi er ikkje den største lakseelva akkurat og det var stor rift etter dei beste plassane kan den glade fiskaren fortelle.

– Det var som sagt 15 personar som var med på fisket i natt og vi trekte om plassane, seier Eithun.

- Meir enn god nok til mitt bruk

Sjølv om storlaksen ikkje kom på kroken denne gong har ikkje Eithun tenkt å gi seg.

– Eg har sesongkort her og det er ei kjekk elv å fiske i. Den er lita og oversiktleg og til mitt bruk er den meir enn god nok, smiler Eithun.

I fjor var den største laksen som vart teken i Sogndalselvi tolv kilo. No har fiskarane ganske nøyaktig to månader på seg til å tangere fjorårets rekord før laksefisket i elva er over den 1. september.