Hopp til innhold

Salvatore ladar opp til EM-finalen

Om få timar er det klart for den spennande EM-finalen mellom Italia og Spania. Ein av dei som gler seg, er Salvatore Ligia.

Salvatore Ligia

EKTE FOTBALLGELEDE: Italienske Salvatore Ligia har sett alle kampane under årets EM.

Foto: Privat

Bonden på Stadlandet i Selje brenn for landslaget i heimlandet Italia. I kveld benkar han seg i stove heime hos ein kamerat.

– Vi er fem-seks kompisar på Stadlandet som skal sjå kampen ilag. Eg trur dei heier på Spania berre for å terge meg, ler han.

Har sett alle EM-kampane

No er det berre få timar til avspark i den store EM-finalen. Ligia har ei god kjensle i kroppen.

– Dette er fotball på høgt nivå. Eg er sikker på at vi gjer ein god jobb og sjølvsagt trur eg Italia vinn, seier han.

Han innrømmer at han nok er meir interessert i fotball enn folk flest. Han er gift og har fire born, men kona tykkjer det er greitt at han ser mykje fotball.

– Ho må uansett berre akseptere det. Eg har fått med meg kvar einaste kamp i EM. Det er veldig sosialt å sjå kampane i lag med vener, fortel han.

Trur på Balotelli

Mario Balotelli

TRUR PÅ BALOTELLI: Mario Balotelli avgjorde semifinalen mot Tyskland.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

Italias Mario Balotelli avgjorde semifinalen mot Tyskland og har hittil skåra tre mål i EM.

– Eg har god tru på at han gjer det same i kveld, seier italieneren.

Han meiner det er på tide at Italia vinn EM-finalen etter at Spania vann for fire år sidan. Spania er også regjerande verdsmeister.

Dersom Italia kan heve det store trofeet over hovudet i kveld, skal italieneren på Stadlandet feire.

Ein dram for kvart mål

Kameratgjengen feirer også undervegs, for dei tek seg nemleg ein dram for kvar skåring det blir i ein kamp.

– Vi får håpe det ikkje blir straffespark konkurranse i kveld, for då blir det mange drammar, ler han.

Men om Spania klarer å halde på tittelen som europameister, deppar han ikkje av den grunn.

– Er Spania betre enn oss i kveld, så fortener dei å vinne. Det er unasett eit av laga som må tape.