Inspirert av suksesen i vïnter då det var eit ellevilt hopprenn på ski, valde arrangørane no å satse på sykkel.
- LES OGSÅ:
Ekte glede
Den lange og bratte Trovikbakken blei nytta og hoppet var plassert på kaikanten. Det er Byen vår Florø som står bak arrangementet. Dei jobbar med å få til gode opplevingar i kystbyen. Per Øyvind Helle i HippHipp Flora seier dette var ellevilt.
– Det er ei typisk Florø-greie dette her. Vi skaper ekte glede i sentrumsgatene. Eg vil takke dei 10 «galne» syklistane som deltok, seier han.
Fristar til gjentaking
Deltakarane var i alderen 11-47 år. Fleire av dei som var med, er ungdommar som driv med motorcross. Syklistane starta på kaia, sykla opp den bratte bakken og sette utfor.
På kaikanten kunne dei velje mellom to forskjellige ramper. Stian Sunde vann løpet med tida 19, 4 sekund. Han var sju-åtte meter over bakken i hoppet sitt.
– I går starta Tour De France, vi kan seie at løpet i Florø var prologen til det. Vi hadde det kjempegøy. Dette er verkeleg ekstremsport. Vi tenkjer å gjere dette til eit årleg arrangement, for dette fristar til gjentaking, seier Helle.
Her kan du sjå video korleis det gjekk med to av deltakarane