Hopp til innhold

Fleire slagsmål natt til søndag

Masseslagsmål, pøbelstrekar og person på biltak var noko av det politiet måtte ta seg av natt til søndag. To menn måtte til legevakta

Det har vore ei travel natt for politiet i Sogn og Fjordane. Den første meldinga om skade kom i Sogndal i eitt-tida i natt. Ein mann var slegen til og blødde frå nasen. Gjerningsmannen stakk av då han forstod at politiet var tilkalla.

Mannen som blei slegen blei ikkje alvorleg skadd og ønskjer førebels ikkje at saka blir meld til politiet.

Tenåring nedslegen

I Florø blei ein gut i tenåra slegen ned. Ei politipatrulje blei send til staden og snakka med fornærma. Guten hadde fått fleire slag og også han blødde frå nasen.

Politiet veit kven gjerningsmannen er, men det er førebels uvisst om saka blir meld.

Mange slåss på pub

I Bygstad i Gaular braut det ut slagsmål ved ein pub. Det blei ettekvart mange involverte og fleire hadde blitt slegne.

Ein av dei som stod bak bråket, fekk sjølv minst to kutt i ansiktet og måtte til legevakta. Etterkvart roa situasjonen seg, men det vil truleg kome fleire anmeldelsar etter den tildels kaotiske situasjonen som rådde ei tid på staden.

Sat på tak medan bilen køyrde

Politiet i Florø måtte stoppe ein bil då ein av passasjerane sat på taket under køyring, med beina ned gjennom takluka. Bilføraren blir no meld til politiet.

I tretida i natt blei politiet i Stryn tilkalla. Ein gjeng ungdommar hadde teke seg inn i eit utstillingstelt som står der i samband med Oldendagane. Det er også mistanke om at dei kan ha stole ting frå telta i området.

Mann nedslegen i parken

Ei politipatrulje i Sogndal kom over ein mann som hadde blitt nedslegen i parken. Ambulanse blei tilkalla og køyrde mannen til legevakta. I samband med denne hendinga, var det fleire som laga bråk. Dette gjorde arbeidet til politiet vanskeleg og fleire vil bli melde.

I tillegg til alle slagsmåla i fylket, blei to personar i Florø tekne på fersken då dei urinerte på offfentleg stad. Dei to vil bli meld for dette.