Hopp til innhold

Eid sikra seg poeng på overtid

Eid og Årdal sikra seg kvar sitt poeng i den siste seriekampen før fotballferien.

Thomas Frichsen og Jan Olav Humborstad

DUELL: Årdalspelar Thomas Frichsen i duell med Eid sin midtbanespelar Jan Olav Humborstad.

Foto: Stig Høynes

Kampen på Nordfjordeid enda 2-2. Stillinga til pause var 0-1 til Årdal. Eid-trenar Frode Nord er passe nøgd med heimekampen i dag.

– Eg er ikkje nøgd med at vi ikkje vann, men eg tykkjer vi gjorde ein god kamp, seier han.

Skryt av laginnsatsen

Første omgangen var jamn. Årdal skåra det første målet sitt etter ni minutt ved Truls Hovland. Ti minutt ut i andre omgang var det Preben Strypet som skåra Årdal sitt andre mål.

Like etter fekk Eid ein straffe som Ove Balsnes i nettet og dermed var heimelaget med i kampen igjen.

Trenar Nord seier Eid hadde overtaket i andre omgang og at dei hadde flest sjansar.

– Det var fantastisk god laginnsats i dag og vi spelte god fotball. Vi sikra oss eit viktig poeng då Balsnes skåra på overtid, seier han.

På jumboplass

Eid ligg heilt nedst på tabellen med seks poeng. No tek 3. divisjonslaga sommarferie, men trenaren har ikkje gitt opp håpet om at dei skal klare å halde seg i divisjonen.

– Eg trur vi kan ta ein del poeng til hausten. Vi har vore veldig dårlege borte, men klart å ta poeng mot topplag som Førde, Florø og Årdal. Eg trur vi har ein sjanse til å berge oss, for vi får forsterkningar på laget frå hausten.

Han vil ikkje røpe namn på nye spelarar enno. Laget får også på plass igjen spelarar som har vore ute med skade.

– Det har vore tungt for oss med skader og spelarar som har slutta, men vi gir ikkje opp, seier han.

Dei andre kampane i 3. divisjon laurdag enda slik:

  • Sotra - Vik 4-1
  • Voss - Florø SK 2-3
  • Saga - Øystese 0-2
  • Tornado Måløy - Radøy/Manger 3-2
  • Fredag: Stryn - Førde 1-2
Ove Balsnes

UTLIKNA: Eidspelar Ove Balsnes jublar etter at han tre minutt på overtid utlikna til 2-2. Ove Balsnes scora begge måla til Eid. Det fyrste var på straffespark.

Foto: Stig Høynes