Hopp til innhold

Frikjend for trugsmål mot politi

Ein mann i 50-åra er frikjend for ha motarbeidd politiet og truga ekssambuaren sin.

– No er mannen veldig glad og letta, seier advokat Odd Bovim.

I fjor haust dømde Fjordane tingrett mannen til 60 dagar fengsel på vilkår og ei bot på 10 000 kroner for motarbeidd rettsvesenet ved «rettsstridig gjengjelding».

Det heile starta då ei valdtekssaka mot mannen blei lagd vekk på grunn av manglande bevis. Mannen var lite nøgd med måten han meinte seg behandla på. Han skal ha kome med intense og nedsetjande uttalar mot intelligensen til ein kvinneleg politibetjent som hadde etterforska den omtala valdtektssaka.

Anka dommen frå tingretten

Mannen meinte at dette ikkje hadde samanheng med etterforskinga av saka, men skjedde fordi kvinna hadde hatt sosial omgang med ekssambuaren hans.

Nokre månader seinare gjekk han verbalt laus mot ekssambuaren, som hadde meld han til politiet for fleire valdtekter. To veker tidlegare hadde han også skrudd på ein koplingsboks slik at kvinna mista TV-signala.

Fjordane tingrett dømde mannen for desse tiltaltepunkta. Men mannen anka dommen til Gulating lagmannsrett som har frikjend han på alle punkta.

Nøgd advokat

Advokat Odd Bovim i advokatfirmatet Blikra, Slotterøy og Fonn er nøgd med dommen.

– Mannen er frifunnen på alle punkta. Juryen har gjort ei god og grundig vurdering. Dei har kome fram til at han ikkje har opptredd på ein måte som er rettsstridig og har ikkje hindra arbeidet til politiet, seier Bovim.

Vil krevje erstatning

No kjem advokaten til å fremje erstatningskrav på vegne av mannen.

– Denne saka, og saka som ligg bak, har hatt store konsekvensar for mannen. Eg kan ikkje seie noko om beløp enno, men det kan bli snakk om ein del.