Hopp til innhold

Dømd for å stjele hengar og stillas

Ein mann i slutten av 50-åra er dømd for å ha stole ein hengar med stillas, køyrd i rusa tilstand og utan gyldig førarkort.

Dette er femte gong mannen blir dømd for promillekøyring. Då han møtte i Fjordane tingrett, tilstod han det han var tiltalt for. Men han seier han ikkje hugsar noko frå natta i fjor sommar.

Mannen var på fest i Sunnfjord og drakk øl utover kvelden. I rusa tilstand har han hekta ein hengar med eit stillas på, til sin eigen bil og køyrd avgarde. Etter nokre kilometer enda han i grøfta. Han kunne ikkje gi nokon forklaring på kvifor han stak hengaren og stillaset.

Mannen er tidlegare dømd for vinningskriminalitet og promillekøyring og for å ha køyrd utan gyldig førarkort.

Fjordane tingrett har no dømd mannen til 45 dagar fengsel på vilkår. I tillegg må han betale 20 000 kroner i erstatning og 10 000 kroner i bot. Han er også frådømd førarkortet på livstid