Hopp til innhold

Fridtjov fekk sin eigen statue

Det var ein audmjuk Fridtjov Urdal som i dag fekk sin eigen statue i Jølster.

Men den som får ei statue i levande live, har ein tendens til å få ei løkkje rundt halsen. Eg håper dette ikkje skjer no, sa kulturpersonlegheita Urdal i takketalen sin.

Ni tonn stein

30-40 personar var til stades under avdukinga. Det var god stemning og regnet heldt seg vekke. Det er kunstnaren Stig Eikaas som har laga den digre skulpuren har fått plass i Juvika på Skei i Jølster.

Statuen er fem meter høg og veg ni tonn. Eikaas har laga den i respekt for Urdal som ein uredd og frittalande person.

– Fridtjov Urdal er Sogn og Fjordane sin Sokrates, sa Eikaas.

(Artikkelen held fram under biletet)

Avduking av Fridtjov Urdal-statue

STOR STATUE: I dag blei statuen av Fridtjov Urdal avduka i Jølster.

Foto: Hans Jakob Reite / NRK

Hovud av Jøtul-omn

Urdal er kulturarbeidar, forfattar og formidlingsleiar ved Sogn og Fjordane Kunstnarsenter i Førde.

Statuen er laga av stein, men hovudet er ein Jøtul-omn.

– Det å ha ein omn til hovud, må vere eit teikn på at ein tåler sterk varme, sa Urdal.

I morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane måndag, kan du høyre kulturmeldar Hans Jakob Reite fortelje om avdukinga.