Hopp til innhold

God representasjon frå fylket i matprogrammet «Det Norske Måltid»

Osten kvit Undredal frå Undredal Stølsysteri og einerrøykt Svanøylaks frå Svanøy Røykeri er nominert i kvar sin matklasse i TV2-satsinga «Det Norske Måltid».

Undredal

POPULÆR: Osten frå Undredal er blitt svært populær

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Når TV2-programmet «Det Norske Måltid» er tilbake på skjermen for femte året på rad er osten kvit Undredal nominert til årets ost som representant frå Region Vestpå. Einerrøykt Svanøylaks frå Svanøy Røykeri er nominert i klassen for årets fisk- og skaldyrprodukt. Det skriv Sogn Avis.

– Nesten ei vane

Svanøy Røykeri

MED I TEVLINGA: Svanøy Røykeri konkurrerar om tittelen årets fisk- og skadyrprodukt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I programmet som i går går for femte år på rad, reiser Arne Hjeltnes og Heine Totland rundt i landet for å lære folk meir om norske matprodukt.

Det er ikkje første gong at osten frå Undredal er nominert.

– Det har nesten begynt å bli ei vane, men det er alltid like morosamt å bli nominert, seier Anne Karine Marstein ved Undredal Stølsysteri til Sogn Avis.

Kårast i siste episode

Både klassen for årets ost og årets fisk- og skaldyrprodukt skal kårast i siste av dei totalt fem episodane av programmet.

TV2 starta filminga av årets sesong i slutten av mai.