Hopp til innhold

Eldre får fersk mat også i framtida

Stryn kommunestyre møter aksjonistane på halvvegen og går for både fersk mat og kjølemat som vert tina opp. Dermed kan omsorgssentra i kommunen sjølv legge til rette for kva som passar best til ei kvar tid.

Aksjonsgruppe i Stryn

VELLUKKA: Det var ikkje fånyttes at brukarar og tilsette ved Stryn omsorgssenter møtte opp med plakatar i kommunestyremøte. I front var leiar i brukar- og pårøranderådet ved Stryn omsorgssenter, Olga Johanne Eikenæs Frøholm.

Foto: Ove Sveen / Fjordingen

Stryn Kommune har den siste tida vurdert om all mat til gamle og sjuke skulle lagast i Stryn og fraktast rundt i kommunen, for å spare pengar.

Satsar på begge løysningar

I kommunestyremøte på onsdag var aksjonistar frå Stryn omsorgssenter på plass med plakatar, og det var ikkje bortkasta. For det var full semje mellom politikarane i vedtaket om å satse på både servering av fersk mat, og moglegheit til å kjøle den ned for så å tine den opp att, skriv Fjordingen.

Det vart på møtet gjort klart at kommunestyret berre skulle bestemme kva utstyr som skulle investerast i, og ikkje korleis maten skulle lagast.

– Vi bør satse på utstyr både for kok-server og kok-kjøl. Vi har utkantar i kommunen, og vi bør ha kok-kjøl for å servere skikkeleg mat ute. På denne måten blir det også fleksibelt for brukarane kva for mat dei vil ha på kva for dag, sa Anders Magne Vik (Frp) frå talarstolen.

Politikarane var alle skeptiske til å låse seg til ei av løysningane.

Investerar ein halv million meir

Ved utbygging av kjøkkenet ved Stryn omsorgssenter skal det no investerast i utstyr for produksjon til fersk mat med moglegheit for kjøling. Dette skal gi størst fleksibilitet. Ved Vikane omsorgssenter skal det lagast ein plan for naudsynt opprusting og utbetring av kjøkkenet.

Det betyr at kommunen legg inn ei ekstra innvestering på om lag ein halv million kroner. Korleis organiseringa mellom dei to omsorgssentra blir lagt opp skal kommunen komme tilbake til.