Hopp til innhold

Siste sommaren med stølsdrift

I Stølsheimen er det att berre nokre få stølar som framleis er i drift. Og på stølen Geilene i Bjordal i Høyanger kommune blir 2012 den siste sommaren med mjølkande geiter.

Geiter til fjells i Bjordal

FOR SISTE GONG: Gunnstein og Aleksander Førde på veg til Geilane med geiteflokken.

Foto: Steinar Lote / NRK

Gunnstein Førde skal ha geitene sine til fjells. 80 sommarklare geiter står berre og trippar inne i fjøsen, klare til å springe på sommarbeite.

– Det er kjekt kvar sommar, dette. Og når det er siste sommaren så blir det litt spesielt.

For det er eit drag av vemod over denne vakre sommardagen. I minst hundre år har dei ført geitene til fjells her. Men dette blir den siste.

(Artikkelen held fram under biletet).

Gunnstein Førde

- VEMODIG: Gunnstein Førde har vore på stølen i 57 år.

Foto: Steinar Lote / NRK

57 år på stølen

– Det er helsa og økonomien som skrantar, så då går det den vegen. Eg har vore på stølen i 57 år, så det er klart at det er vemodig.

Det er dei vakre stølane som har gjeve navn til fjellområdet Stølsheimen. Mellom Sognefjorden i nord, og Vikafjellet og voss i aust og sør finn ein fuktige og frodige dalar og fjellsider.

Dei rike beiteområda i Stølsheimen har vore viktige for bygdene nede i dalane og ved fjordane. Men skogen er i ferd med å overta det som tidlegare var beitemark.

– Det er gode beiteområde for geit og sau, men dersom det ikkje går beitande dyr her så kjem det fort til å gro att, det blir tett i tett med kratt så det blir heilt uframkomeleg, seier Gunnstein Førde.

(Artikkelen held fram under biletet).

Geiter på stølen Geilane i Bjordal

HERLEG! Geitene kan gå laus på det saftige fjellbeitet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Til å grine av

Mjølk, ost og smør har blitt laga på dei mange stølane, men dei siste åra har stølane stilna ein etter ein. Dagleg leiar Helene Ødven i Bergen Turlag seier det er trist å kome til ein nedlagd støl som tidlegare har yra av liv.

– Nei, då set eg meg ned og begynner å grine. Vi har hatt enormt flotte opplevingar når vi kjem til stølar der det er folk og dyr, det er ei heilt unik oppleving å kome til slike plassar.

På stølen Geilane i Bjordal

KOS PÅ STØLEN: Geitedrivarane kan slappe av på Geilane.

Foto: Steinar Lote / NRK

Uaktuelt å overta

Det får vere ei fattig trøyst at i dei fem kommunane rundt Stølsheimen er det to bønder att med full stølsdrift etter årets sesong. Men for sonen til Gunnstein, Aleksander Førde, er det uaktuelt å overta.

– Då måtte det ha vore ein del meir pengar i det. Det er veldig kjekt å vere her ei veke eller to om sommaren. Men å vere her heile året med så lite lønsemd, det er slitsamt.

– Men korleis er det for deg å vite at dette er siste sommaren?

– Nei, det er på ingen måte kjekt, eg har vore med og hjelpt til med dette når eg har vore heime, eg har vore med sidan eg var liten.

Aleksander Førde

- IKKJE KJEKT: Aleksander Førde vil ikkje overta gardsdrifta.

Foto: Steinar Lote / NRK