Hopp til innhold

Påstand om fengsel etter dødsulukke

Aktor Bjørn Larsen la torsdag ned påstand om fengselsstraff for bilføraren som var innblanda i dødsulukka i Høyangertunnelen i juni i fjor.

Aktor Bjørn Larsen

PÅSTAND OM FENGSELSSTRAFF: Aktor Bjørn Larsen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Aktor meiner bilføraren bør dømmast til fengsel utan vilkår i 14 dagar og fengsel på vilkår i 16 dagar.

Den 44 år gamle Bjørn Robert Nesse frå Høyanger omkom i ulukka. Han køyrde motorsykkel og kolliderte med ein personbil som var i ferd med å snu inne i tunnelen.

Aktor Bjørn Larsen la også ned påstand om at mannen taper førarretten i 9 månadar og må betale saksomkostnadane i saka.

Den tiltalte sa seg ikkje skuldig då saka starta i Fjordane tingrett denne veka.

Motorsykkelulukke i Høyangertunnelen

DØDSULUKKE: Føraren av motorsykkelen omkom etter kollisjon med denne bilen.

Foto: Lars Jonas Pedersen