Hopp til innhold

Skal vise Sogndal-elevar verdigheit

Kronprinsen skal delta på arrangementet «Global Dignity Day» på Sogndal vidaregåande skule i september. Der skal han setje fokus på verdigheit.

Kronprins Haakon Magnus

KJEM TIL SOGN: Kronprins Haakon Magnus skal setje fokus på verdigheit på Sogndal vidaregåande 20. september.

Foto: NRK

– Vi er veldig glad for det, og vi set veldig pris på at alle elevane skal få møte han. Det syns vi er veldig kjekt, seier rektor ved Sogndal vidaregåande skule, Marta Sofie Vange.

Den 20. september tek kronprins Haakon Magnus turen til Sogndal i samband med verdigheitsarrangementet «Global Dignity Day». Der skal han saman med elevane dele sine erfaringar og historier om verdigheit.

– Ei stor oppleving

Vange var rask på labben då ho høyrde at det var moglegheiter for at kronprinsen kunne komme til fylket og til Sogndal vdaregåande skule.

– Dette betyr mykje for skulen og eg er heilt sikker på at elevane vil sette pris på det. Vi hadde han her i 2007 òg, og det var ei stor oppleving. Så no er det nye elevar som skal få oppleve det, seier ein blid rektor.

Global Dignity Day skal til hausten arrangerast på landsbasis for tredje året på rad, men for første gong i Sogndal.

– Det blir spennande. Eg trur det kjem til å bli veldig bra. Og vi er førebudd på at det blir litt ekstra spenning når kronprinsen kjem. Han vil setje ei ekstra ramme på det, og eg syns det er så flott at han vil komme hit til oss, seier Vange.

Lovar fin dag for kronprinsen

Programmet for dagen er framleis ikkje heilt klart, men Vange lovar at skulen vil gjere alt dei kan for at kronprinsen skal få sjå Sogndal på sitt beste.

– Vi vil gjere alt vi kan for at han skal få ein fin dag, og det er eg heilt sikker på at elevane vil gjere også.

Det blir ikkje første gongen Vange får møte kronprinsen, og ho kan garantere at elevane får treffe ein svært hyggjeleg kronprins.

– Han var ein flott person som konverserte lett med både elevar og oss vaksne.