Høyanger kommune ser ut til å bli prøvekanin når fylkeskommunen no arbeider med å lage ein skulebruksplan. Det skriv avisa Firda.
Må spare millionar
Bakgrunnen er at elevtalet i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane er venta redusert med 200-300 elevar i perioden 2012 til 2016 og med 400-600 elevar i perioden 2012 til 2024.
Fylkesrådmannen tilrår at ein i arbeidet med skulebruksplanen må synleggjere ei økonomisk innsparing. Han tilrår ei innsparing på 39-53 millionar kroner i perioden fram til 2016 og ei innsparing på 64-88 millionar kroner i perioden fram til 2024.
Dagens opplæringstilbod må tilpassast framtidas elevtal, og dette vil gjerast anten ved tettare samarbeid mellom dei ulike skulane eller samanslåing.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Høyanger blir først ut
Fylkeskommunen ønskjer at Høyanger kommune er med på å greie ut ein modell for 1-13 skule i Høyanger. Kommunen har saman med Høyanger vidaregåande skule allereie begynt å drøfte korleis dei kan få til eit utvida skulesamarbeid. Det skriv Firda.
– I Europa er normalen at ungdomsskulesteget og vidaregåande er eit felles løp. Eg trur det kan ha klare vinstar også her hos oss. Ikkje minst for mindre skular, seier Høyanger-rektor Ottar Hjetland til avisa.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Hjetland trur ei slik formalisering av skulen kan ha mange fordelar, ved til dømes å dele dyrt utstyr som laboratorium. Han meiner også at ei omorganisering er betre enn nedlegging og sentralisering.
– Blir Høyanger og Dale vidaregåande skule lagt ned, må fleire hundre elevar over til andre skular. Det vil bli eit kjempepress i Førde, som igjen kan føre til at fylkeskommunen må byggje ein fjerde skule der, eller utvide Hafstad og Øyrane, seier Hjetland.
Aktuelt for fleire skular
I tillegg til Høyanger, har også dei vidaregåande skulane i Dale, Årdal, Stryn og Eid uttrykt at det kan vere aktuelt å drøfte ei organisering i 1-13 eller 8-13 skule, skriv Firda.