Hopp til innhold

Vakna opp til kjølege 1,9 grader

Torsdag morgon er det blå himmel mange stader og sola skin. Men likevel har det fleire stader vore ein kjølig morgon.

Veitastrond

KALD MORGON: I dag tidleg var det berre 1,9 grader i Veitastrond i Luster.

Foto: Google Street Wiev og John Molland (Montasje)

I Veitastrond i Luster vakna John Molland opp til berre 1,9 grader ein av dei siste dagane i juni.

– Det var kjølig i dag. Vi kan ikkje gjere så mykje med det, men temperaturen kunne godt vore litt høgare, seier han.

Vil ha regn

Molland har eit håp om at det likevel blir ein fin dag når sola får varma litt. Dei siste dagane har det vore fint ver, men ein del vind.

– No ønskjer vi oss litt meir regn, for det byrjar å bli tørt her, seier han.

Innbyggjarane i den vesle bygda er vane med dei skil seg ut når det gjeld temperaturar og snømengder. I vinter var det temperaturar ned mot 24 minus.

Snøen låg på bakken til langt uti mai i den vesle bygda. For halvannan månad sidan var det heile 46 centimeter snø. Difor har ingen i Veitastrond kome i gang med slåtten.

– Når vi i tillegg har hatt lite nedbør, har det blitt lite vekst i graset, seier han før han skal ut å hogge ved til vinteren.

Slik blir vêret

Vêret ser ut til å bli bra i heile Sogn og Fjordane i dag. Det er venta skiftande bris, på kysten blir det nordleg opp i frisk bris. Det blir fint ver. Frå i ettermiddag skiftande bris på kysten i sør, nordaust frisk bris ved Stad. Etter kvart bli det meir skyer.

Frå fredag av blir det meldt regn i Sogn og Fjordane, noko som lover godt for bøndene som treng vatn for at graset ikkje skal tørke.

Slik var temperaturane i dag tidleg:

  • Øvre Årdal: 9
  • Sognefjell: -2
  • Sogndal: 10
  • Leirvik: 8
  • Loen: 10
  • Sandane: 8
  • Selje: 11
  • Førde: 9
  • Florø: 8
  • Gullfaks C: 10