Hopp til innhold

Brutalt ran framleis eit mysterium

Det er framleis ukjend for politiet kven som overfalt og rana ein eldre mann i Balestrand i slutten av mai.

Tjuveri frå bustad, Balestrand

MYSTERIUM: Politiet har endå ikkje klart å finne ut kven som overfalt og rana ein mann i 70-åra her i sin eigen heim i Balestrand

Foto: Robert Jan Leerink

Det var 20. mai at ein mann i 70-åra vart overfallen og rana i sin eigen heim på Målsnes i Balestrand.

Mannen vart send til sjukehus etter å ha blitt slegen, og gjerningsmennene slapp unna med eit mindre pengebeløp.

Ingen mistenkte

I dag står framleis politiet fast i saka. Det skriv Sogn Avis.

– Vi har ingen mistenkte så lang, seier Geir Færøyvik, førstebetjent ved Høyanger lensmannskontor, til avisa.

Har ikkje gjeve opp

Men lensmannskontoret har likevel ikkje gjeve opp å finne ut kven som står bak overfallsranet.

– Vi ventar på svar frå tekniske undersøkingar. Det kan føre oss nærare den eller dei som har gjort dette, seier Færøyvik.