Hopp til innhold

Endra flyavgang kosta 11.000 kroner

Ein endra flyavgang kosta sju kvinner frå Flåm i Aurland 11 000 kroner. No må flyselskapet Norwegian ta rekninga, skriv Bergens Tidende.

Dei sju skulle i fjor til Barcelona. Reisa var bestilt og bestilt i godt tid, det var også sovekupeane på toget.

Så framskunda Norwegian avreisa frå Oslo, kvinnene måtte bestille ekstra flybillettar frå Bergen til Oslo og hotellovernatting.

Norewegian ville først ikkje ta rekninga, men ein klage til flyklagenemda gav kvinnene fullt medhald.