Hopp til innhold

Sa ja til bygging av kraftverk

Fylkesutvalet sa onsdag ja til bygging av Offerdal kraftverk i Årdal.

Fylkesrådmannen gjekk i mot planane fordi han meinte ulempene for kulturmiljøet nede ved fjorden og oppover dalføret blir for store.

Eit fleirtal på sju i fylkesutvalet kom til den mottsette konklusjonen og røysta for utbygging i går, skriv Sogn Avis.

Berre Trude Brosvik frå Krf og Marit Barsnes Krogsæter frå Venstre røsyta mot.