Hopp til innhold

Her reddar dei mannen etter nær fire timar i fjellsida

Etter nær fire timar utan å kunne komme seg av flekken vart mannen heist vekk frå fjellsida av Sea King redningshelikopteret frå Florø.

Landing

NEDE: Mannen vart redda ned etter nær fire timar i fjellsida.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

– Mannen vart nettopp sett ned på bakken. Han er i fin form og uskadd, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme, til NRK.no klokka 23.30.

– Mannen sat og delvis hang i fjellsida. Det var svært bratt der han hadde gått seg fast, men Sea Kingen løfta han greit ut frå området då han først var lokalisert, seier operasjonsleiar ved Hovudredningssentralen på Sola, Andreas Bull.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mørkridsnosi

BRATT OG ULENDT: Her oppe stod mannen skorfast.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

Var på fottur då han gjekk seg fast

Mannen fekk meldt frå om at han hadde gått seg fast gjennom ein kamerat. Politiet fekk melding om hendinga klokka 20.14.

– Ein mann stod fast om lag 400 meter oppe i ei fjellside. Det var svært bratt, og mannen kom seg korkje opp eller ned, fortel operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen.

Mannen var på fottur i fjellområdet, som ligg inst i Luster, nokre titals kilometer nordaust for Skjolden, då han på veg heim mista stien av syne.

Han sat fast om lag 400 meter ovanfor parkeringsplassen på Mørkri.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lokalisering

LOKALISERING: Her vert mannen lokalisert i fjellsida på Mørkridsnosa.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

Har det etter forholda bra

– Vi fekk melding om at han stod fast via ein kamerat. Mannen hadde det tilsynelatande bra, men han kom seg ingen veg, seier Rimmen.

Mannen er utanlandsk og ikkje heimehøyrande i området.

Den alpine redningsgruppa frå Hafslo Røde Kors bistod i aksjonen med seks mann.

Takk for hjelp

TAKKA FOR HJELPA: Turisten var tydeleg takksam for at redningsmannskapa hadde fått han hed.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.