Hopp til innhold

Sogn Skisenter får NM i Telemark

For andre gong skal Norgesmeisterskapen i telemarkkøyring arrangerast ved Sogn Skisenter på Hafslo.

Full fres i pudderet ved Sogn skisenter i Hafslo.

HÅPAR PÅ MYKJE SNØ: Sogningane ønskjer seg mykje snø i vinter, for å sikre optimale forhold under NM i telemarkkøyring 2012..

Foto: Missing Link

– Det er ei kjempestor tillitserklæring til aktiviteten vi driv med, seier leiar i Luster Telemark, Jan-Sølve Haugen.

Også i 2010 vart NM arrangert på Hafslo, og også då fekk dei gode tilbakemeldingar på arrangementet. I år vart dei kåra av Skiforbundet til årets beste rekrutteringsarrangement. NM skal arrangerast 23.–24. februar. 2013.

Har mykje dyktige dugnadsfolk

Haugen trur dugnadsjobben med å arrangere NM skal gå bra.

– Det er ein bra dugnadsgjeng som kvart år arrangerer Heggmyri rett ned. Eg tippar dei fleste av dei ser på dette som positivt og tek i eit tak. Det er masse dyktige dugnadsfolk å ta av, så dette trur eg går fint, seier Haugen.

Telemarkmiljøet i indre Sogn har blømt dei siste åra, og rekrutteringa har vore god i fleire av klubbane. Haugen ser ikkje vekk ifrå at førre NM har noko å seie for populariteten idretten opplever.

– Eg trur nok telemarkaktiviteten fekk meir rotfeste etter NM, samt at vi fekk synt meir kva telemark dreiar seg om. Det har vore positivt for den gryande aktiviteten vi har opplevd, seier Haugen.

Har god røynsle frå sist

Han trur røynsla frå førre NM vert god å ha når dei no skal i gang med å planleggje neste års arrangement.

– Vi har mykje av malane frå førre gong liggjande, men det blir likevel ein del planlegging framover, både om korleis vi skal arrangere det og korleis vi skal fordele arbeidsoppgåver, seier Haugen.

Han trur ikkje det blir problem med å få på plass dugnadsfolk.

– Det er mange ressursar innanfor miljøet, så det trur eg går bra, seier Haugen.

Trur det inspirerer heile miljøet

Regiontrenar i Sogn og Fjordane, Egil Johannes Vangsnes frå Leikanger tykkjer det er kjempespennande å få NM tilbake til Hafslo.

– Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Luster og Syril Telemark. Eit NM kan inspirere mange lovande juniorar til vidare satsing. Det er inspirerande for heile miljøet, seier Vangsnes.

Han legg til at det også er kjekt å syne fram telemarkssporten med dei beste i Norge, og fleire i verdstoppen.

Han trur neste års arrangement vil bli vel så bra som arrangementet i 2010.

– No har vi fått god tid og det er godt, så vi kan gjere det endå betre. Vi må i alle fall prøve å gjennomføre eit flott arrangement. Det er målet, seier Vangsnes.