Hopp til innhold

- Ikkje skuldig i dødsulukke

Bilføraren som var innblanda i dødsulukka i Høyangertunnelen i juni i fjor sa seg ikkje skuldig då saka kom opp i Fjordane tingrett i dag.

Aktor Bjørn Larsen

HEVDA SKULD: Aktor i saka, politiadvokat Bjørn Larsen, meiner at den tiltalte var uaktsom då han forsøkte å snu i Høyangertunnelen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den 22. juni i fjor omkom Bjørn Robert "Bønna" Nesse (44) frå Høyanger då han på motorsykkel kolliderte med ein personbil som var i ferd med å snu inne i Høyangertunnelen.

Føraren av personbilen møter no i retten tiltalt etter paragraf 31 første ledd i Vegtrafikklova, der det står at alle skal ferdast omsynsfullt og vere aktsame og varsame så det ikkje kan oppstå fare eller dei kan valde skade.

Saka vart først lagd bort av politiet, men dei etterletne etter Nesse klaga saka inn for Riksadvokaten, som avgjorde at det skal reisast tiltale.

Ingunn Eikås

KNALLTØFF OPPLEVING: Enka etter Bjørn Robert Nesse, Ingunn Eikås, var tilstades i retten i dag. Her saman med bistandsadvokatane Ivar Blikra og Gunnar Lunde. T.h. politiadvokat Bjørn Larsen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ikkje lov å stanse

Aktor Bjørn Larsen seier han vil legge vekt på den manøvren føraren av personbilen gjorde inne i tunnelen, ved å stansa.

– Det å stanse inne i tunnelen er ikkje tillete. Manøvren med å snu er det som dannar grunnlaget for at vi meiner det her er eit straffbart brot på Vegtrafikklova.

– Eit viktig punkt er om det var lys på motorsykkelen. Kva seier du om det?

– No er det opplysingar som trekkjer i begge retningar, men dette er etter mitt syn ikkje avgjerande for saka, tiltalen byggjer ikkje på at lysa fungerte. Det er underordna i forhold til det saka handlar om.

(Artikkelen held fram under biletet).

Svein Tømmerdal

- IKKJE SKULDIG: Svein Tømmerdal meiner klienten hans ikkje er strafferettsleg ansvarleg for dødsulukka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ikkje lys på motorsykkelen?

Bilføraren sa seg ikkje skuldig då rettssaka tok til i dag. Han meiner han var oppmerksam då han snudde i tunnelen og at motorsykkelen må ha kome i svært stor fart.

Forsvarar Svein Tømmerdal meiner klienten hans ikkje kan lastast for ulukka.

– Tekniske grasnkingar og vitne som såg motorsykkelen like før ulukka meiner det ikkje var lys på han, og det er viktig for oss å få klarlagt dette.

– Klienten min meiner at dersom det hadde kome eit køyretøy med lys på ville ikkje ulukka ha skjedd.