Hopp til innhold

Lefdal Gruve håpar å signere første kunden før nyttår

Lefdal Mine Datacenter har inngått ein avtale med Entra Greenfield Datacenter om samarbeid om datalagring. Målet er å ha dei første serverane på plass i gruvene i løpet av 2014.

Lefdal Gruve

LAGRING: Inne i gruvegangane ønskjer Lefdal Mine Datacenter å lagre serverar for kundar.

Foto: Lefdal Gruve

Eigedomsselskapet Entra har starta Greenfield Datacenter, og dei har inngått ein avtale med Lefdal Mine Datacenter for å posisjonere seg for større nasjonale og internasjonale kundar på datalagringsmarknaden.

– Vi skal bruke kvarandre som co-lokasjon, og samarbeide tett om å utvikle Norge som ein datasenter-destinasjon i forhold til internasjonale konkurrentar, seier marknadsdirektør i Lefdal Mine Datacenter, Mats Andersson.

Betyr ei styrking av produktet

Lefdal Mine Datacenter skal lagre data i dei gamle olivingruvene i Eid, medan Entra byggjer opp eit datasenter i Fet kommunen utanfor Oslo.

– For oss betyr denne avtalen at vi styrkjer produktet vårt. Mange kundar ønskjer to datasenterlokasjoner når dei først skal kjøpe plass. Vi har éin, og med dette samarbeidet har vi to. Vi stiller sterkare reint produktmessig, seier Andersson.

Sidan Entra sine kundar også vil tenkje i same baner, kan det bety auka kundemasse til Lefdal Mine Datacenter når dei er i gang.

Vil modernisere nasjonal infrastruktur

Samarbeidet vil mellom anna inkludere bruk av datasentra for dei kundane som har behov for to adskilte lokasjonar av omsyn til tryggleik.

Dei ønskjer også å profilere Norges naturlege fortrinn som klima, politiske forhold og grøn produksjon av straum, for lagring og prosessering av store datavolum internasjonalt.

– Vi vil også samarbeide om initiativ og aktivitetar med sikte på å betre norske rammevilkår for regulering av datasentertenester, samt modernisering av nasjonal infrastruktur, seier Andersson.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Datalagring i Nordfjord

Datalagring i Nordfjord

Er ti personar i sving på prosjektet

Per i dag er det to fast tilsette i Lefdal Mine Datacenter. I tillegg har dei ein del folk som er leigde inn.

– Totalt er vi nesten ti personar som er i sving i prosjektet, prøver å få på plass kundar og komme til det steget at vi skal byrje å byggje ut, seier Andersson.

Han trur samarbeidet med Entra vil føre til at selskapet får fleire kundar enn dei kunne skaffa åleine.

– Og dess fleire kundar, dess fleire treng vi til å jobbe, seier Andersson.

Har gode føresetnader

Og det er ikkje småpengar som må investerast før alt er oppe og går.

– Vi snakkar ei satsing i fleire hundre millionarsklassen som skal investerast i eit datasenter før vi kan vere operative og i drift. Men det er små pengar i forhold til kva andre må inn med. På Lefdal gruve har vi allereie bygget klart, samt masse naturgitte føresetnader som ligg lina opp for oss, seier Andersson.

Han håpar dei første kundane er på plass i løpet av året.

– Vi har mange gode dialogar både nasjonalt og internasjonalt, seier Andersson.

Han legg til at frå ein har signert og til bygginga tek til vil ta kort tid.

– Byggjetida er på halvanna år. Så i løpet av 2014 håpar vi at kundane våre har serverar plassert hjå oss, seier Andersson.