Hopp til innhold

– Vi får ikkje meir frå staten enn vi treng til drifta

– Det er berre flott at det er openheit kring dette, men det er viktig å få forklart kva som ligg bak tala, seier Sigurd Reksnes i Hjalma Samdrift DA i Eid.

Sigurd Reksnes

EIN MILLION: Samdrifta til Sigurd Reksnes og fire bondekollegaer i Eid, er mellom samdriftene som får mest i overføringar frå Staten.

Foto: Stig Høynes

Tysdag presenterer Statens Landbruksforvaltning kva bøndene får i statlege tilskot i år. Tala er gjengjevne på VG Nett.

Av den direkte støtta på 7,9 milliardar kroner til norske bønder, blir kring ein million kroner overført til samdrifta i Eid.

– Pengane går rett i drifta på alle måtar. Det er summen på slutten av året som betyr noko, seier Reksnes.

– Ikkje samanliknbart

Norske bønder søkjer to gonger i året, i januar og august, på produksjonstilskot frå staten. Søknadene i august blir betalt ut i februar året etter. Tala som VG Nett presenterer tysdag er altså basert på produksjonstilskotet bøndene søkte om i august i fjor og i januar i år, og som blir utbetalt i 2012.

Pristilskotet er det industrien betalar bøndene for tal kilo/liter produksjon.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Ti på topp jordbruksstøtte til samdrifter

Namn

Prod. tilskot 2011

Prod. tilskot 2012

Pristilskot 2011

Hjalma samdrift

493.108

226.898

302.424

Bø fellesfjøs

473.718

298.077

277.504

Arnafjord samdrift

453.186

224.498

272.901

Utsekta samdrift

425.868

220.098

238.169

Leivdal samdrift

417.060

218.898

273.983

Bjørkelo samdrift

411.664

244.898

282.621

Øvrebø bruk

405.972

116.583

19.217

Hove samdrift

382.116

202.098

271.254

Sogn jord/hagebr. skule

377.044

195.679

94.675

Brekke samdrift

366.679

214.098

259.862

Ekspander/minimer faktaboks

– Tala gir eit korrekt bilete av dei offentlege tilskota som bøndene får over statsbudsjettet for å drive garden. Men det er ikkje samanliknbart med det eg og du får i lønningsposen, seier landbruksdirektør Christian Rekkedal hos Fylkesmannen.

220 dyr

Hjalma får 700.000 kroner i produksjonstilskot i år, og når ein legg til 300.000 kroner i pristilskot bikkar samdrifta ein million kroner i jordbruksstøtte.

Rekkedal fortel at overføringane er ein del av produksjonsinntektene til garden. For å få eit rett bilete av inntekta til bøndene må ein trekkje ifrå alle produksjonskostnadene, der alle innkjøpte varer og leigde tenester som til dømes avløysarar er med.

Då sit ein att med inntekta til bruket, seier han og fortel at desse kostnadene fort blir store.

Samdrifta i Eid er ei av dei 46.300 jordbruksverksemdene som får overføring i år. Sidan dei slo seg saman i samdrifta i 2008, har dei fem bøndene satsa på storfe. Med smått og stort har dei kring 220 dyr, og disponerer kring 1.000 mål. Av dette skal 750 mål slåast.

Balanse i drifta

Produksjonen er på kring 600.000 liter mjølk årleg, samt 20.000 kilo storfekjøt. Med andre ord er Hjalma mellom dei største samdriftene i fylket. Av dei fem eigarane står tre med hovudansvar for fjøsdrifta, men frå påske til september er på lag alle med for fullt i drifta. Samdrifta omset for kring fem millionar kroner i året.

Ved sidan av samdrifta driv bøndene kvar for seg med sauer som dei får tilskot for. Reksnes seier det kostar å drive gardsbruk i Norge.

– Vi har dei same kostnadene for elektrikarar, straum, diesel og service og alt anna, som alle andre. Vi må ha ei inntening som forsvarer kostnadsnivået. Når vi har betalt det vi skal, og gitt lønn til dei som jobbar, så balanserer det akkurat i drifta, seier han.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Ti på topp jordbruksstøtte til einskildbønder

Namn

Prod. tilskot 2011

Prod. tilskot 2012

Pristilskot 2011

Bente Karin Ulvik

364.018

221.950

327.532

Nils E. Vange

360.958

186.698

108.470

Harald Berg

353.215

335.532

138.315

Sverre Leikanger

350.313

143.448

33.553

Anders Kirkeeide Kleppe

350.190

144.298

168.262

Asbjørn Aasen

349.361

211.445

56.812

Svein Erik Hafstad

349.151

265.028

131.826

Øyvin Mortensbakke

335.770

300.885

52.054

Kåre Haveland

331.359

236.428

313.335

Per Ravndal

324.311

320.036

208.980

Ekspander/minimer faktaboks

Brukbart nøgde

Samla sett legg dei fem eigarane ned kring 7.000 timar i løpet av eit år på garden. Løna til bøndene er blitt aktualisert etter at jordbruksoppgjeret gjekk til Stortinget utan forhandlingar .

Bøndene var så misnøgde med tilbodet frå staten, at dei valde å ikkje setje seg til forhandlingsbordet. Avdelingsleiar ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking, Lars Johan Rustad, meinte bøndene med dette valde å seie nei til vel 300.000 kroner per årsverk i inntekt .

– Vi er brukbart nøgde med det vi har fått til med bruket vårt. Vi får betalt ut løn til dei som skal ha det, men det er ikkje store endringane som skal til før at det ikkje er liv laga, seier Reksnes.

Bondeleiar får halv million

Ifølgje oversikta til VG fekk leiaren i Norsk Bondelag, Nils T. Bjørke, 560.000 kroner, der 469.000 var produksjonsstøtte.

Bjørke har mjølkekvote på 160.000 liter på garden der han har 22 kyr, nokre sau og 320 dekar jord.

– Utan støtta ville eg ikkje kunne halde på slik eg gjer, og produksjonsstøtta gir lågare pris til forbrukaren, seier han til avisa.