Hopp til innhold

Fjord-Noreg er vinnarar i kampen om turistane

Fjordane på Vestlandet er vinnaren i kampen om turistane hit til landet. Ålesund-regionen, Indre Sogn og Bergen har det siste tiåret hatt ein eventyrleg vekst i talet på overnattingsdøgn.

Rallarvegen og Flåmsbana

GODE PRODUKT: Noralv Distad peikar på at det er svært viktig med tilgjengelege produkt for turistar til Noreg. Her frå Flåmsbana og Rallarvegen i Aurland.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Berre i Indre Sogn selde reiselivsbransjen nær 629.000 overnattingar i fjor, ein vekst på meir enn 30 prosent sidan år 2000.

Stikk i strid med dei dystre spådomane om svikt i reiselivet som har vore framme den siste tida.

– Næringa og dei som har jobba med marknadsføring har vore flinke til å heile tida syte for at ein har mange bein å stå på. Vi har ei stor hotellnæring, ei store campingnæring og ei stor hyttenæring, seier mangeårig reiselivssjef og no ordførar i turistkommunen Aurland, Noralv Distad.

Ordførar i Aurland, Noralv Distad.

RETT OPP: Noralv Distad peikar på at det har vore ein sterk vekst i mange av dei sentrale regionane i Fjord-Noreg.

Foto: Bård Siem / NRK

Samlar seg om marknadsføring

Han peikar på at ein har vore flink til å jobbe mot ulike marknader, både mot grupper og individuelle reisande.

– Til dømes har ein innan camping har ein vore flinke å jobbe mot den tyske og nederlandske marknaden, og hotella har vore flinke til å jobbe mot dei asiatiske marknadane. Det som er viktig er at ein samlar seg veldig sterkt når det gjeld marknadsføring, seier Distad.

Attraktiv region

Han får full støtte i det å kåre fjordane til vinnaren i kampen om turistane. Reiselivsdirektør i bransjeorganisasjonen Virke, Hilde Charlotte Solheim er ikkje i tvil.

– Fjord-Noreg er den mest attraktive regionen for turistar til Noreg. Det å investere mykje i marknadsføring og å jobbe godt saman, så har Fjord-Noreg fått handfaste resultat , sler Solheim fast.

På halde trykket oppe

Ho er imponert over kva dei ulike destinasjonsselskapa på Vestlandet har fått til gjennom ei samla satsing, ikkje minst mot dei utanlandske marknadane. Dystre økonomiske tal i Sør-Europa og ei nedjustering i målsetjinga om tal turistar for 2012, uroar ikkje Solheim meir enn høgst naudsynt.

Reiselivsdirektør Hilde Charlotte Solheim i VIRKE

OPTIMIST: Hilde Charlotte Solheim i bransjeorganisasjonen Virke.

Foto: VIRKE

– Vi må oppretthalde marknadstrykket og vi må jobba godt med salsapparatet. For det at ein no nedjusterer og seier at tala for 2012 blir på linje med 2011, det tyder ikkje på at det er heilsvart for næringa, seier Solheim.

Reiseliv stadig viktigare

Den aller største veksten dei siste ti åra er det Ålesundregionen som står for. Ein auke i tal overnattingsdøgn på 61 prosent er fasiten, medan andre kjende destinasjonar som Hardanger og Nordfjord berre har hatt ein heilt marginal vekst.

– Når det gjeld besøk til Sognefjordområdet dei siste ti åra, så har det vore ganske formidabelt. Det har vore ein vekst på over 30 prosent og i fjor nådde ein då om lag 630.000 gjestedøgn, peikar Noralv Distad på.

Han sler fast at reiseliv betyr svært mykje og det betyr meir og meir for destinasjonane i Fjord-Noreg.

– Men sjølvsagt er det då framleis svært store moglegheiter som ikkje er utnytta. Så potensialet er stort for vidare utvikling, seier Distad.


Fjord-Norge

Grafen syner prosentvis fram- og tilbakegang i talet på overnattingsdøgn i ulike regionar frå 2000 - 2011.

Overnattingstal

Tabellen syner utviklinga i tal gjestedøgn i ulike regionar frå 2000 til 2011.