Hopp til innhold

Lege fekk ni klagar på to månader

Ein utanlandsk vikarlege risikerer no å miste autorisasjonen sin fordi Helsetilsynet vurderer legen som fagleg ueigna til å gjere jobben sin.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

ALVORLEG: Fylkeslege Per Stensland er rysta over det dei har funne ut om legen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I løpet av to månader som vikarlege i Sogn og Fjordane, fekk legen ni alvorlege klagesaker mot seg. Legen har og vore vikar ei rekkje andre stader her i landet.

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland, ser svært alvorleg på saka.

– Her er det snakk om ikkje berre å ikkje gjere jobben sin, men systematiske feilvurderingar, seier han.

Kunne gått gale

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane er rysta over det dei har funne ut om den utanlandske vikarlegen. I samband med legevakter skal legen ha feiltolka symptoma til pasientane, noko som kunne gått gale hadde ikkje andre helsepersonell gripe inn.

– Takka vere anna helsepersonell har det gått betre enn det kunne gått, seier Stensland.

Har jobba fleire stader i landet

Fylkeslegen stadfestar at den utanlandske legen har jobba som vikar i Norge ei rekkje stader. No er legen busett i utlandet. Når helsetilsynet har fått inn rapportar, har legen raskt bytta jobb.

– Dette er noko av mønsteret i slike saker. Så snart tilsynsmyndigheitene byrjar å snuse borti, så er legen vidare på vikarferda si.

Kan miste autorisasjonen

No kan legen risikere å aldri meir få jobbe i Norge, Fylkeslege Per Stensland slår fast at det er ei svært spesiell sak dei no har til vurdering.

– Avgrensing i autorisasjonen er noko som vanlegvis kjem på tale dersom legen har nytta rus, har sjukdomsproblem eller har ein uvanleg form for oppførsel. Men at ein skal miste autorisasjon på grunn av dårleg legearbeid, er uhyre sjeldan.